Lokal | 20. feb. 2017

Kva skal du bli? På Bar(t) kan du finna svaret

Vegen mot arbeidslivet: Onsdag kveld kan ungdom få gratis pizza og gratis svar frå representantar for ei rekkje ulike yrkesretningar.

Kva skal du bli? På Bar(t) kan du finna svaret
Henrik Vågen i Unge Høyre samlar mange ulike yrke på Bar(t) onsdag, så flest mogleg ungdom skal få klare svar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2017 20:34

I desse dagar er det mange som vel neste steg i utdanninga si, anten dei går i tiandeklasse og skal velja mellom gymnas og ulike yrkesfag, eller dei allereie er i eit studieløp, som no blir splitta i ulike retningar.

Det er ikkje berre rådgjevarane ved skulane som har svar, mange yrkesaktive kan fortelja om både vegen til jobben dei har, korleis arbeidskvardagen er og kva fordeler og ulemper ulike yrke har.

• Les òg: – Veit ungdomen nok om ulike yrke?

– Det var veldig vellykka då vi hadde dette arrengementet for første gong i fjor, seier Henrik Vågen frå Unge Høyre.

Det er Unge Høyre som er arrangør, men arrangementet er partinøytralt og ope for alle.

– Vi hadde bra oppmøte og deltakarane stilte gode spørsmål. Det var nokre fine innlegg og så kunne ungdomane gå rundt og snakka med éin og éin korleis dei opplevde både studietida, arbeidsmarknaden og den jobben dei har.

• Les òg: Det er mange vegar til målet

Blant yrka som er representerte på Bar(t) på Peppes onsdag kveld er; brannmann, frisør, advokat, petroleumsnæringa, styrmann og ulike helsefag.

– Det er plass til mange, men vi håper folk melder seg på på førehand, så vi veit kor mykje pizza vi skal bestilla, seier Henrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.