Kultur | 16. okt. 2017

Å laga jul i nytt sentrum

Blir det lyslenker over nyopplyst Øyro? Blir det plass til juletre på det nye torget?

Å laga jul i nytt sentrum
Øyro har fått nye lys - blir det likevel rom for julelenker? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. okt. 2017 09:32

Bildeserie:

Torget har fått permanent juletrefot. Bildet er frå 2016. (Foto: KVB)
Torget har fått permanent juletrefot. Bildet er frå 2016. (Foto: KVB)
Det blir skøyteis i år òg, men truleg på ein annan plass. (Foto: KVB)
Det blir skøyteis i år òg, men truleg på ein annan plass. (Foto: KVB)
1 av 2
Torget har fått permanent juletrefot. Bildet er frå 2016. (Foto: KVB)
Det blir skøyteis i år òg, men truleg på ein annan plass. (Foto: KVB)

Os sentrum har endra seg mykje sidan jula 2016. Torget har fått nybygg med uterestaurant og fontener, Øyro har fått baldakiner og i balkinene er det montert lyslenker for heilårsbruk.

– Vi jobbar no med å kartlegga korleis lyslenkene skal henga, og om dei kjem i konflikt med noko av det nye, seier leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

• Les òg: Fekk 160 utlånsparaplyar

Før jul i 2014 investerte Os kommune i 20 nye lyslenker, til saman 357 meter med 60 nye stjerner.

– Det blei òg laga nye feste og straumuttak, det beste er om vi kan bruka desse.

– Sånn vi har vurdert det førebels er at lyslenkene, med den fargen dei har, harmonerer fint med lysa i baldakinene. Det blir kanskje litt meir krevjande med liften, å koma seg over baldakinene og inntil husveggen, men det ligg an til at vi henger lenkene opp igjen også i Øyro-gata.

Vil sjå på gran-dimensjonen

Torget har blitt meir livleg, men òg meir trangt, dette året. Med Havnechefen sin uterestaurant, eit breitt felt med fontener og eit utvida utstilling utanfor blomebutikken - blir det plass til juletre på torget?

– I det nye steindekket er det nedfelt ein permanent juletrefot, mellom fontenene og flaggstengene. Treet sto godt i fjor, men det er mogleg vi vil sjå litt på både dimensjon på treet og på plassering av lause element rundt treet, så det blir god nok passasje rundt treet under julehandelen.

Skøytebane på ny plass

Nytt i fjor var Os kommune sin vesle «skøytehall», kunstig is i 35 kvadratmeter stort telt på Baronsplassen.

Skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen opna isen, som var open både før jul og etter nyttår.

– Det gjekk på rullering, frå butikk til butikk, kven som hadde ansvar for å opna og stenga teltet. Eg har inntrykk av at denne var ganske populær, og vi vil ha is med tak over i år òg.

– Men vi skal kanskje bygga nokre veggar på Baronsplassen snart, og ha avfallsspann frå ulike verksemder samla på éin plass, så vi undersøker no potensielle nye plasseringar av skøyteisen. Kanskje blir det i ein av dei to lune krokane mellom utstikka på Sentrumskvartalet, seier Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.