Lokal | 29. aug. 2015

Lagde drone-action i Sogndal

VIDEO: Varde ville filma actionbilde og ba om éin sportsbil - fekk flystripe med sju bilar og eit fly.

Lagde drone-action i Sogndal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. aug. 2015 07:32

Bildeserie:

Varde reiste til Sogndal med to av dei fem dronane sine. (Foto: Varde)
Varde reiste til Sogndal med to av dei fem dronane sine. (Foto: Varde)
Her er ein av dei. (Arkivfoto: KVB)
Her er ein av dei. (Arkivfoto: KVB)
Sju sportsbilar stilte opp. (Foto: Varde)
Sju sportsbilar stilte opp. (Foto: Varde)
Varde var på jakt etter bilde av overflyging av fly. (Foto: Varde)
Varde var på jakt etter bilde av overflyging av fly. (Foto: Varde)
1 av 4
Varde reiste til Sogndal med to av dei fem dronane sine. (Foto: Varde)
Her er ein av dei. (Arkivfoto: KVB)
Sju sportsbilar stilte opp. (Foto: Varde)
Varde var på jakt etter bilde av overflyging av fly. (Foto: Varde)

Det siste året har Varde hatt fleire spennande oppdrag med drone, for TV2 og BBC, på Svalbard, i Lofoten, på danskebåten, over offshorefartøy og, no i sommar, i ei storsatsing av ein italiensk spelefilm. I tillegg til dugnadsarbeid med musikkvideo til Os-songen.

– Mengda dronar aukar kraftig, og då tenkjer eg ikkje på private hobbydroner, som det truleg er over 25.000 av i Noreg, men profesjonelle dronar drifta med lisens til flyfoto, seier Anders Fløysand.

Han fotograferer mens Øystein Skorpen køyrer dronen.

– Vi vil laga ein serie med presentasjonar for å visa kva som er mogleg med drone, kor enkelt det er i bruk og kva bilde du kan fanga, både frå lufta og i låg eller høg fart langs bakken.

Lånte flyplass

Varde bygger dronane sjølv, i avdelinga Varde Aerial. Dei ville visa kva dei kan og ringte ein sportsbil-fotograf for å høyra om han kunne skaffa ein bil som var godt eigna.

– Kaj Alver kunne betre enn som så, det viste seg at han skulle til Sogndal flyplass på Haukåsen for å ta bilde av nokre bilar for Autofil og Gatebil.

Det er strenge grenser for kvar og kor nær dronar kan fly annan flytrafikk, men då det var organisert på denne måten kunne programmet bli utvida.

– Då vi i tillegg fekk lyst å fotografera eit fly frå lufta så ordna Kaj ein veldig god kontakt.

Pink Floyd-fly og sju sportsbilar

Med seg til Sogndal fekk Varde eit noko spesielt fly å fotografera.

– Pilot Håvard Dale stilte med sitt Yak52. Ein av dei tidlegare eigarane av flyet er Pink Floyd-gitarist David Gilmour. Tom Cuise skal visst ha flydd dett flyet òg.

– Vi var i utgangspunktet berre på jakt etter å filma ein sportsbil, litt for å visa at dronar bilde av ein overflygning, i staden blei det ein dag med mange hestekrefter og kjekke folk på flystripa. Vi fekk fleire gode bilde og blei kjent med mange hyggelege folk, seier Fløysand, som denne veka la ut ein liten snutt frå flystripa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.