Næringsliv | 15. aug. 2011

Legg ned produksjonen i Os

Grunna sviktande volum på mindre båttypar flyttar Askeladden all produksjon til Polen. Over 30 tilsette mister jobben.

Legg ned produksjonen i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2011 16:04

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Henrik Askvik var glad då han med Askeladden Boats AS i 2009 fekk produksjonen i gang igjen etter konkursen i 2008. Han var også glad for at han fekk tilbake mange av dei erfarne båtbyggarane som mista jobben i starten av finanskrisa.

– Situasjonen for båtmarknaden er ikkje ulik hausten 2008. Vi har framleis modellar som sel godt, dessverre er det ikkje dei som blir produsert i Hagavik, seier dagleg leiar Henrik Askvik.

På eit allmannamøte måndag fekk dei tilsette informasjon om at produksjonen i Hagavik blir lagt ned frå 1. oktober i år. Rett over 30 av dei 45 tilsette mister med det jobben.

Det er i år 100 år sidan sidan Askeladden-eventyret starta. All produksjon av det som i fleire år har vore Noregs mest selte båt blir no flytta til Model Art i Ostroda i Polen.

– Ein tung dag

Båtbransjens hadde venta utflating og stabilisering etter finanskrisa, for så å oppleva varsam vekst. Veksten ventar dei framleis på. Bransjen er heller ikkje skjerma frå at det blir stadig vanskelegare for norsk industri å lykkast i konkuranse med produkter frå lavkostland.

– Det har vore ein tung dag. Eg er sjølv veldig skuffa over at vi ikkje finn det forsvarleg å driva produksjonen vidare på norsk jord.

– Men det har vore godt å få gå gjennom dette saman med alle tilsette, først i leiargruppa, så med tillitsvalte og til slutt på allmannamøtet klokka 12 i dag. Dei tilsette viser overraskande stor forståing for situasjonen, synes Askvik.

Utselt i Polen

Frå august i fjor til ut juli i år har det blitt produsert 190 større Askeladden-modellar ved Model Art i Polen. Alle er selt.

På same tid er det produsert 220 mindre modellar i Hagavik, 100 av desse står framleis på lager.

– Skulle vi prøvd å løysa dette med permittering så måtte vi permittert halvparten av dei tilsette i 1 år, den andre halparten i 6 månadar. Vi trur ikkje vi klarer å produsera lønsamt med så lite volum som 100 båtar i året.

Fleire osingar har jobba fast eller i fast turnus ved fabrikken i Polen då samarbeidet var nytt, men no er produksjonen så etablert at Askeladden-leiinga klarer seg med ein tur i månaden til fabrikken. Derfor blir det heller ikkje tilbod om jobb i utlandet på nokre av dei drygt 30 som snart mister jobben ved fabrikken i Hagavik.

Meir båt i fabrikken?

– Kva med fabrikklokalet i Hagavik, blir det selt er blir det tatt vare på for eventuelt comeback med norsk produksjon om nokre år?

– I første omgang vil vi jobba med å få drift i lokalet. Men det blir nok ikkje snakk om arbeidsplassar i same omfang som før.

Askvik nemner vinterlagring, reparasjonar og sal av båtar som eksempel.

– Vi jobbar med tankar om å laga nybåthall, bruktbåthall og driva restaurering i fabrikken - i hovudsak av Askeladden.

Administrasjonen og utvalet blir verande

Sjølv om salet av mindre båtar er lågare enn kva produsentane hadde håpa på blir heile varespekteret vidareført ved fabrikken i Polen.

– Også administrasjonen blir som før, kanskje redusert med ei stilling eller to. Men vi kjem framleis til å sitja med rundt 12 tilsette i kontora i fabrikken og ta hand om både produktutvikling, marknadsføring, sal og ettermarknad, seier Askvik.

Askeladden Boats har planar om å lansera nye modellar både i september og november i år og i mars og september 2012.

Sjå òg:
Midtsiden samleside: Askeladden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.