Sport | 22. juli 2016

Leik til Tippeligaen

Vegard Leikvoll Moberg er klar for Sogndal.

Leik til Tippeligaen
Vegard Leikvoll Moberg går frå Åsane til Sogndal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juli 2016 22:19

Torsdag var Vegard Leikvoll Moberg frå Os i møte med Sogndal, fredag ettermiddag blei det klart at Tippeliga-klubben hentar Åsane-kapteinen.

– Han er ein fysisk robust spelar med mykje rutine, seier Håvard Flo om osingen, ifølgje sogndalfotball.no.

Leikvoll Moberg var på si første trening på Fosshaugane Campus fredag kveld. Han får draktummer 16.

Sogndal TV: Dette seier Eirik Bakke om Vegard

Vegard gjekk frå Os til Åsane i forkant av 2011-sesongen, etter at Os rykte ned frå 2. divisjon hausten 2010. No får han oppfylt det som lenge har vore draumen, å spela fotball på fulltid i høgaste divisjon i Noreg.

– Ville innfri Vegard sitt ønske

Verken Åsane eller Sogndal vil seia noko om overgangssummen, men Håvard Flo uttaler til Åsane Tidende at han er sikker på at Åsane er nøgd med den økonomiske delen av avtalen.

Trond Bjørndal i Åsane seier avtalen ikkje hadde gått i boks om ikkje klubben hadde vist velvilje.

– Vi ville innfri Vegard sitt ønske om å spela for Sogndal. Det blir likevel vanskeleg å erstatta han, seier Bjørndal til Åsane Tidende.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.