Sport | 24. nov. 2014

Leverte gode resultat i NM

Svømmarane frå Os tok med seg to sølv og tre bronse frå junior NM i Nadderudhallen.

Leverte gode resultat i NM
Osguttane Sebastian Braathen og Tom Andree Moberg Johansen gjorde svømte bra under junior-NM (privat foto)
Andris Hamremandag 24. nov. 2014 12:54

Dei tre svømmarane frå Os, Ariel Braathen, Sebastian Braathen og Tom Andree Moberg Johansen, gjorde god figur under junior-NM i svømming i Nadderudhallen i Bærum i helga.

Av gutane var det Moberg Johansen som leverte dei beste resultata, med stafettbronse på både 4x50 m fri og 4x100 m fri saman med lagkameratane frå Bergenssvømmerne.

– Tom Andree viser positive takter og leverte på det nivået eg venta, fortel trenar Finn Zachariassen.

I tillegg til stafettbronsane sette Moberg Johansen fleire personlege rekordar.

Gjort ein god jobb

Zachariassen skryt av den jobben både Os svømmeklubb og Delfana har gjort med Moberg Johansen før han byrja trena med Bergenssvømmerne.

– Det har vore jobba godt i begge klubbane tidlegare. Tom Andree er ein uslipen diamant, som kan få ei god og lang karriere om han held fram som no.

– Han er ung treningsmessig og ein sprintertype. Det vil kreva meir tid i styrkerommet og mange timar i bassenget.

– Det tar litt lengre tid med gutane. Dei vil normalt vera rundt 24 år før dei er fullt utvikla som svømmarar, forklarer Zachariassen om 17-åringen som trenar om lag 22 timar i veka, åtte gongar i vatnet og tre gonger i styrkerommet.

Fekk tøff konkurranse

Ariel Braathen, som før meisterskapen var ein av favorittane, fekk det tøft med å nå det øvste steget på pallen.

Ho måtte sjå at eitt år eldre Silje Mikkelborg frå Skjetten Svømming blei for sterk både på 50 m og 100 m bryst, kor Braathen svømte inn til andreplass.

På 200 meter bryst blei det bronse på Braathen bak Mikkelborg og Sofie Reisænen frå Vågsbygd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.