Lokal | 13. mai 2018

Linn Beate på topp 10 i Brun og Blid

Laurdag 2. juni kan modellen frå Lysefjorden vinna 500.000 kroner.

Linn Beate på topp 10 i Brun og Blid
Linn Beate Riley. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. mai 2018 08:07

Linn Beate Riley (26) frå Lysefjorden, som dei siste åra har vore aktiv med sitt eige byrå, Riley 6, er i finalen i årets modellkonkurranse i Brun og Blid.

– Det blei ein spennande innspurt, det var veldig gøy å nå topp 10, seier Linn Beate.

1. mai blei ho blant 20 deltakarar i semifinalen, på bakgrunn av stemmer, 3. mai sikra ho seg ein av dei ti plassane i finalen.

– Det var høg aktivitet dei 48 timane, tusen takk til alle som stemte på meg!

Laurdag 2. juni er det finale på Scandic Ørnen i Bergen. Då er det ein jury som skal kåra ein vinnar blant 3 menn og 7 kvinner.

På fjerde forsøk

Solsenterkjeden Brun og Blid kallar modellkonkurransen for Noregs største.

Alle over 18 år kan delta, uavhengig av kjønn, erfaring, vekt og alder, og kvar månad blir 20 kandidatar valt ut og lagt fram for at avstemming skal senda éin av dei vidare til semifinale.

– Fjorårsvinnar deltok for tredje gong, Linn Beate tok seg til finale på fjerde forsøk, fortel arrangør Haakon B. Schrøder.

Linn Beate har pryda forsida på både Vi Menn, FHM og Gatebil før ho vinteren gjorde noko ho lenge har hatt plan om, starta eige modellbyrå.

• Les òg: Spanderte fotoshoot på Riley 6

– Riley 6 er framleis aktiv. Eit av dei siste oppdraga var då Bergen Storsenter fylte 30 år. Det var eit kjekt oppdrag der vi både tok imot gjestane og dansa med Atle Pettersen (2. plass i X-factor og vinnar av Skal vi danse).

Stor premie

Til konkurransen måtte deltakarane senda inn både portrett og bikinibilde (gutane slapp unna med bilde i shorts).

brunogblidmodell.no kan du sjå profilane til dei 10 finalistane.

Vinnaren av finalen 2. juni blir frontfigur for solsenterkjeda Brun og Blid det komande året, eit oppdrag som blir honorert med inntil 500.000 kroner.

Linn Beate, som er lidenskapeleg opptatt av hest og hund, veit kva noko av pengane skal gå til om ho vinn.

– Då vil eg ta hengarlappen.

Den som kjem på 2. plass og 3. plass får 10.000 og 5000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.