Arrangør Rosmari Sorthe frå Tilbords i samtale med Marita og Thomas, som skal gifta seg i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lokal og innhaldsrik bryllaupsmesse

Komande brudepar fekk idear og tips då ei rekkje verksemder frå Os samla seg hos Tilbords på Amfisenteret.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag kveld arrangerte Tilbords ei lokal, kompakt, men innhaldsrik bryllaupsmesse i og utanfor butikken sin på AMFI Os.

– Dette er vanleg i Tilbords-kjeda. Tilbords har òg vore med på å laga ei bok der Finn Schjøll viser korleis du dekkar bord, både til bryllaup, dåp, konfirmasjon og andre festdagar. Denne boka får komande brudepar med seg, fortel Rosmari Sorthe frå Tilbords Os.

– Det er femte gong vi arrangerer bryllaupsmesse, og i år blei det sånn at vi berre har lokale verksemder med. Det er veldig kjekt, synest kollega Thrude Scheie Mellingen.

Floriss og fotograf Silje Lepsøy har vore med kvart år, mens Lilleballong, Hagavik Hjemmebakeri og Bjørnefjorden Gjestetun var nye utstillarar av året.

Nytt var også live taffelmusikk ved Simen Moesgård, på nokre låtar akkompagnert av veslesøstera, Join Us-dirigent Sanne Moesgård.

Ved sidan av utstillarane var tre dukker kledde opp i passande antrekk. To av desse var frå butikkar på Amfisenteret, Baretti og Dressmann.

Dei siste brikkene

Eit av para som var gjestar på messa, Marita Heggeland og Thomas Lindborg, skal gifta seg i september.

– Mykje er bestilt og klart, men vi har ein del igjen, fortel dei to.

– Vi har førebels ikkje lagt ut ønskjeliste nokon stad, vi har heller ikkje bestilt blomar og dekorasjon.

– Detaljerte og stemningsfulle minne

Fotograf Silje Lepsøy fortel om ulike storleikar på foto-oppdraga ho får i samband med bryllaup.

– Nokre vil berre ha portrett, mens stadig fleire vel halv- eller heildagsfotografering.

I staden for å be ein fotointeressert onkel om å ta ekstra mange bilde frå festen, vel brudeparet å lata gjestane vera gjest og heller fanga stemninga, pynten og detaljane på mest mogleg profesjonelt vis.

– Brudepara bruker mykje pengar og tid på å laga ein god dag. Det dei sit igjen med er minnene, og desse blir ikkje like fine om dei er fanga med mobilkamera utover kvelden.

Ved halvdagsfotografering følgjer Silje både brud og brudgom mens dei gjer seg klare. Her kan kontrasten koma fram, med damene som er tidleg ute for å gjera seg klar mens brudgomen og forlovaren kan gå i pyjamas fram til dei «hoppar» i dressen.

– Vi har gode leverandøravtalar på mange lekre fotoprodukt, bildebøker og album, sånn at bilda kan setjast fint saman når festen er over.

Brudebukett av blome eller ballongar?

Floriss fortel om mindre strenge reglar og trend med meir diskrete brudebuketar.

– I dag er det mange som ikkje vil ha den lange, klassiske, men ein liten casual ein. Standardoppdrag er brudebukett og blomar til brudgom, forlovarar, brudepiker og -svennar, men det blir òg bestillingar til pynting i kyrkje og festlokale. Om det er fleire brudepar i kyrkja same dag, hender det at dei spleiser på å dekorera kyrkja, då kan det bli ekstra staseleg, seier Mona Holko hos Floriss.

Lilleballong vinn stadig nytt terreng for sin dekor, og har merka ein oppsving innan bryllaup.

– Det starta eigentleg med at eg lagde all pynt, også brudebuketten, av ballongar då dottera vår gifta seg. Ryktet spreidde seg og nå lager vi alt frå dekor til store bogar som gjestane kan stilla seg i for gruppebilde, seier Olaug Gjelsvik.

Messa blei god, ho har fleire brudepar ho skal i planleggingsmøte med i vekene som kjem.

– Ut frå farge og tema som er valt kan vi følgja stilen, det held at eg får ein serviett for å sjå fargen, og lager nye fargetonar på ballongane sånn at alt står i stil. Ballongar rører litt på seg, noko som er med på å skapa litt liv og stemning, om det så berre er snakk om at dei står og svaiar på eit gåvebord.

Tre rettar og to kaker

Hagavik Hjemmebakeri har travle dagar, men er glade for at dei tok seg tid til å stilla ut på bryllaupsmessa til Tilbords for første gong.

– Standardbestilling er brudekake, gjerne i reine linjer og over tre etasjar, og kransekake, som fint kan formast som ei vugge og fyllast med konfekt, seier Benedikte Arentzen.

– Men vi ser at færre og færre bakar sjølv, og får stadig oftare bestilling på alle kakene til festen.

Bjørnefjorden Gjestetun, som nyleg har fått nye eigarar og nye drivarar (sjå videoreportasje), stilte ut med smaksprøvar på både forrett, middag og dessert.

– Vi hadde svært mange bryllaup i fjor, sommarmånadane i år er det også berre to laurdagar der det førebels ikkje er bestilt bryllaup, seier Josephine «JoJo» Vågen.

Kapasiteten er på rundt 110 gjestar per bryllaup, men dei har òg dagar der det er to bryllaup, eitt med 90 og eitt med 40 gjestar, og dagar med eitt bryllaup og tre konfirmasjonar på same tid.

– Det er uansett kjekt å delta på messa og visa litt av menyen vår. Vi har ope kvar dag og alle osingane er velkomne som gjestar i restauranten, til både kvardags og fest, seier Iselin Borge.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.