Ny giv på Bjørnefjorden Gjestetun

Tre tilsette har starta selskap. Sånn vil dei driva gjestetunet vidare.

Av: Ørjan Håland

I desember i fjor blei det kjent at eigarane av Bjørnefjorden Gjestetun på Hauge har selt eigedomen og bygningane til Bybo AS.

Dei nye eigarane ønskjer å omregulera for å bygga bustadar på heile tomta, i mellomtida jakta dei på drivarar som vil halda liv i bygningane fram til eventuell riving.

Tilsette berga arbeidsplassane

Sidan 1996 har familien Bjørke drive gjestgiveri med 35 overnattingsrom og fasilitetar for kurs, konferanse og selskap ved golfbanen. Etter salet av eigedomen tar nytt selskap over drifta.

Tre tilsette, Iselin Borge, Josephine Vågen og Thomas Samuelsson, har starta selskapet IJT AS.

Josephine har jobba på gjestetunet i 15-16 år, Thomas har vore restaurantsjef sidan 2013 og Iselin er matfagleg ansvarleg.

IJT har signert leigekontrakt for tre år, med opsjon på vidare leige, eitt år om gangen.

Vil snu trenden

Omsetnaden låg frå 13,8 til 15,8 millionar kroner for 5-10 år sidan, men har frå 2011 gått ned til 12,3 i 2015. Etter 1,3 i pluss i 2012 kom tre år med negativt driftsresultat, til saman gjekk gjestetunet 2,6 mill i minus frå 2012 til 2015.

– Alle dei tilsette har fått tilbod om å halda på jobbane sine, men nokre slutta før vi kom inn som leigetakarar. Vi hadde 10-11 årsverk, no har vi 8,5.

– Med litt strammare organisasjon, færre leiarar og eigarar som jobbar her i full stilling har vi tru på at vi kan få dette til. Vi kjenner kvar skoen trykker. Dei nye huseigarane har vore skvær og vi håper vi kan få fleire gode år på Hauge, seier Thomas Samuelsson.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nesten vellykka pågriping

22. september 2017

Midtsiden var med heimevernet då ei gruppe «uønskt personell» skulle arresterast.

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.