Sport | 22. apr. 2015

Lovar ein god kamp

Her er troppane til Lysekloster og Sogndal. Lysekloster er vel førebudd. Trenar Ørjan Sandal ventar ein spennande og god kamp.

Lovar ein god kamp
Får Preben Skorpen og dei andre Lyseklosterspelarane meir å jubla for etter NM-kampen mot Sogndal i kveld? (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 22. apr. 2015 08:48

Bookmakerane i NordicBet.com trur cup-bomba kan smelle på Kuventræ i kveld når Lysekloster tek imot 1. divisjonslaget Sogndal til cupkamp. Trenar Ørjan Sandal gler seg til kamp og fortel at nervene er under kontroll.

– Vi har førebudd oss som til einkvar anna kamp.

– Sjølvsagt kan det vera at det har lagt litt i bakhovudet på spelarane at det er litt ekstra med denne kampen, men vi har ikkje merkt det på treningane.

– Du veit det er alltid kniving om å få spela kampane hos oss, så det har ikkje vore noko ekstra fram mot Sogndal-kampen, seier Sandal.

Lysekloster stiller med følgjande mannskap: Chris Sunde Midtun, Mikal Brekke, Preben Skorpen, Aleksander Andersen, Lars Henrik Skage, Sindre Flaa, Tommy Gaustad, Joakim Hjelmeland, Ola Sjømæling, Espen Birkeland, Knut Eriksen Eide, Øystein Takle Eide, Kim Liseth, Thomas Helland, Baste Jonassen, Steffen Vindal, Johannes Jordal og Martin Eidsvik.

– Kallstad, Nysæter og Rørstad er ute med skader, så dei er ikkje med, men ellers stiller vi skjerma og på topp.

– Vi sa vi ville ha ei god trening i går og det fekk vi, så no gler vi oss.

Målet er å vinna

Sandal er, som alltid, offensiv før kampen.

– Vi har ikkje studert Sogndal mykje, men litt veit vi.

– Vi har ikkje gjort noko anna før denne kampen enn vi gjer før ein vanleg seriekamp, nemleg å ha fokus på vårt eige spel.

– Når vi går ut på banen i ettermiddag, så er målet som alltid; Vi skal vinna kampen.

Heime på bortebane

Lysekloster-trenaren innrømmer at det blir litt spesielt å spele kampen på Kuventræ i staden for på Edne.

– Ein kan kanskje tru vi missar litt av heimebanefordelen, men eg er trygg på at publikum kjem til å gje oss ei ramme som gjer at vi opplever å vera på heimebane.

– Eg kan lova at gutane vil gjera sitt for å skapa ein god og spennande kamp, så det er berre å ta turen, oppfordrar Sandal.

Kampen startar på Kuventræ klokka 18. Billetter blir seld på Best-stasjonen i sentrum, i klubbhuset i Lysefjorden fram til klokka 14 og ved inngangen.

Sogndal har med seg 18 spelarar til Kuventræ og stiller med denne troppen: Christian Sukke, Kristian Rutlin, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Joar Tryti, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Petter Strand, Lars Christian Kjemhus, Simen Brekkhus, Ulrik Flo, Fredrik Flo, Asgrim Farnes, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.