Lysekloster slo Gneist 7-0 i fjor, i ein treningskamp som grunna skade berre varte i 70 minutt. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Lysekloster sine treningskampar

Mister Espen Birkeland - møter motstand frå både 1. divisjon og 5. divisjon i vinter.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I kveld starta Lysekloster opp igjen etter juleferien.

– Vi trener éin dag i veka i Vestlandshallen og tre heime i Lysekloster Framo Idrettspark, fortel hovudtrenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster var berre målforskjell frå å comeback til 2. divisjon i 2017, og er favorittar til å rykka opp i 2018.

Treng erstattar for Birkeland

Noko utskifting har det blitt i spelarstallen. Før jul blei to nye spelarar signert, Mats Walberg frå Fana og André Matos frå Øystese.

– Med desse reknar eg Mirza og Kasper som erstatta, seier Ruben.

Lysekloster må klara seg utan Mirza Mujcic og Kasper Hjørngaard i år. I tillegg går Espen Birkeland tilbake til Smørås.

Birkeland spelte 70 kampar på 3 år for Fana før han gjekk til Lysekloster. Der blei det 67 kampar på 3 sesongar.

– Espen blir spelande assistenttrenar for Smørås, og får fleire andre oppgåver, så han trer inn i full stilling.

– Vi har heldigvis fleire som viser interesse for å spela for oss, og nokre spennande namn som kjem innom i januar. Eg er nøgd med situasjonen og med dei 9-10 spelarane vi til no har på kontrakt for 2018, og reknar med å spikra stallen i slutten av januar.

Skal møta Åsane og Nest-Sotra

Årets treningsleir er ikkje booka, men ligg an til å bli i Tyrkia.

Ruben har fått avtalt sju treningskampar utanom treningsleiren, der det òg vil bli ein kamp eller to.

– Her heime har vi fått avtale med begge laga i OBOS-ligaen. I utgangspunktet ønskjer vi å møta sterkast mogleg motstand.

I samband med ein tur sørover for å møta Vidar, som kom nest sist i 2. divisjon i fjor, skal dei i tillegg møta Vedavåg, som vann 5. divisjonsavdelinga si i 2017.

Også Sund, som tok 3. plass i 4. divisjon, og Tertnes, som rykte opp til 3. divisjon i haust, står på programmet.

Her er dato og motstandar for alle treningskampane til Lysekloster:
Fredag 26. januar: Internkamp (Lysekloster)
Søndag 4. februar: Varegg - Lysekloster (Vestlandshallen)
Søndag 11. februar: Nest-Sotra - Lysekloster (Vestlandshallen)
Fredag 16. februar: Vedavåg - Lysekloster (Storhall Karmøy)
Laurdag 17. februar: Vidar - Lysekloster (Storhall Karmøy)
Onsdag 21. februar: Åsane - Lysekloster (Vestlandshallen)
Onsdag 14. mars: Lysekloster - Sund (Lysekloster)
Laurdag 17. mars: Vard-Haugesund - Lysekloster (Haugesund)
Søndag 24. mars: Lysekloster - Fri (Lysekloster)
Torsdag 29. mars: Lysekloster - Stord (Lysekloster)
Laurdag 7. april: Lysekloster - Tertnes (Lysekloster)

• Seriestart er 14. april. Lysekloster er eit av dei 7 laga frå Hordaland som er direktekvalifisert til årets NM.

• Lysekloster si avdeling har førebels ikkje fått kampoppsett, men her er avdelinga.