Henning Heimdal og Olaug Gjelsvik har stått på i påsken for i løpet av fem dagar flytta frå Elvebakken til Drageset (foto: Andris Hamre)

Lyst og luftig i nye lokaler

Kom i hus etter fem hektiske dagar. Partyhuset Lilleballong opnar ny butikken i Os sentrum med Noregs største ballongvegg og fleire nyhende.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Som Midtsiden skreiv om like før påske, skulle det igjen bli liv i andre høgda i Drageset-bygget i Os sentrum. Tysdag klokka 10 opna Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal den nye butikken, men allereie klokka 05.00 gjekk første leveranse ut dørene.

– Vi fekk ei bestilling på ei ballongboge til den nye sykkelgarsjen på Haraldsplass. Sjølv om vi var midt i ein flytteprosess, så måtte vi jo levera, smiler Henning Heimdal om dagens tidlege leveransen.

Gått knirkefritt

Sjølv om det har blitt lange dagar med mange turar mellom gamle butikken i Elvebakken og dei nye lokala i sentrum, så er dei to godt nøgd.

– Med god hjelp av svigermor har det gått veldig bra. Eg vil faktisk seie det har gått knirkefritt. Vi avslutta i går kveld i 23.30-tida med å gjera klar ballongane vi skulle levera i dag tidleg.

Det heile kom på plass når huseigar måndag fjerna veggen som stengde veggen til trappa opp frå inngangen til Jokerbutikken og opp i andre etasje.

– I det han fjerna stenderen var vi der med monteringsbordet. Det hadde vi ikkje fått opp på anna vis, så det heldt akkurat.

Litt uvant

Den nye butikken er på 145 kvadratmeter og mykje meir luftig og open enn den gamle.

– Eg gler meg veldig til at folk no kan få stå å sjå i fred på utvalet og at dei slepp flytta seg berre for at vi skal henta noko eller forbi. Det er litt uvant, ting står ikkje der vi var vant til, men det går seg nok raskt til, ler Olaug Gjelsvik medan ho monterar ein ny oppsats for ein ny kunde.

Noregs største ballongvegg

Blant hyllene har dei no Noregs største vegg av ballongar frå Qualatex.

– Denne veggen er seks meter, så vidt eg veit er den nest største fire. I tillegg har vi fått samla ballongane vi nyttar i produksjonen på ein vegg. Den består av heile 666 boksar på 10 x 10 cm med ulike ballongar og er ganske unik i bransjen. Det er mange som har lurt på kor vi har fått tak i den. Sannheiten er at vi fann den hos ein perlebutikk som la ned, fortel Heimdal.

Første med ferdig kakepynt

Partyhuset Lilleballong har fleire nyhende i den nye butikken.

– Vi leverer no ferdig kakepynt og figurar frå Sigurd Eklund. Dei leverer strengt tatt berre til bakerier og liknande, men såg på det å levera til oss, som den første butikken i Noreg, som eit interessant prøveprosjekt, forklarar Gjelsvik.

Blant dei størst på kort

Ei anna nyhende er avdelinga med gratulasjonskort av ymse slag.

– Der har vi ikkje fått på plass så mykje enno, men det kjem i løpet av nokre dagar. Eg har fått agentur i Hordaland på kort frå Cardgroup, så no skal vi levera alt mogleg av kort til alle moglege anledningar. Eg vil tru at vil blir av dei største på kort, i allefall på Os. I tillegg får vi inn eit godt utval av gåveposar i ulike størrelser, seier Heimdal som i starten vil følgje opningstidene i Os sentrum frå 10-18 på kvardagar og 10 til 16 på laurdager.

– Det er ei lita utviding av kva vi har hatt tidlegare, så får vi sjå korleis kundane responderar, avsluttar Henning Heimdal.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.