Lokal | 22. feb. 2016

Må likevel støymåla

Saka om støy frå Solsiden held fram. No krev fylkesmannen at utestaden likevel må gjennomføra utandørs støymåling.

Må likevel støymåla
Solsiden må likevel foreta utandørs støymåling etter vedtak hos fylkesmannen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 22. feb. 2016 08:45

Torsdag i førre veke handsama plan- og bygningsutvalet søknaden frå Solsiden om å få endra bruksløyvet frå restaurant til nattklubb. I administrasjonen si innstilling i klagesaka hadde kommunen gått vekk frå kravet om støymåling då ein meinte at dei målingane som hadde blitt gjort tidlegare var dekkande.

Parallellt med byggesaka har kommunelegen handsama klagen frå naboane etter folkehelselovgivinga og pålagt Solsiden å gjennomføra utandørs støymålingar, eit vedtak som er anka til Fylkesmannen i Hordaland.

Ei anna lov

I møtet torsdag fekk politikarane forelagt seg svaret frå fylkesmannen kor han stadfestar kommunelegen sitt vedtak om at det skal utførast nye støymålingar. I same vedtak opphevar fylkesmannen kravet om at eigaren av Solsiden skal utføra tiltak ved for høge støymålingar.

– Det har jo vore ei greie rundt dette med støy. Eg tenkte difor det var greitt at fylkesmannen sitt vedtak blei kopiert opp og omdelt, sjølv om eg veit at utvalet ikkje liker å få dokument på den måten, innleia leiar av Plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp).

– Har vedtaket frå fylkesmannen innvirking på vedtaket vi skal fatta, eller er framlegget frå administrasjonen dekkande, undra han.

– Vedtaket er dekkande. Det fjerde punktet som seier at løyvet føreset at naudsynte løyver etter folkehelselova ivaretek dette. Vedtaket frå fylkesmannen er hjemla der og ikkje i plan- og bygningslova som de skal ivareta, forklarte administrasjonen.

Kva seier politiforskrifta?

Eit samrøystes plan- og bygningsutval gjekk inn for administrasjonen sitt framlegg til vedtak, men ikkje utan ei drøfting om kva som står i politivedtektene, som ein henvisar til i punkt 3 om å spela musikk utandørs.

– For meg framstår punkt tre som noko uklart, meinte Espen Aspenes (Frp).

– Dette er heller ikkje regulert etter plan- og bygningslova og må difor takast med politiet, svara plansjef Aina Tjosås.

– Om vi skal halde oss berre til plan- og bygningslova, så er det vel ulogisk at punkt 3 står der, kommenterte Aspenes, som fekk støtte frå Harald Døsen (Ap).

– Det er rett og slett berre for å visa at det er andre lovverk som kan få innverknad på vedtaket som blir gjort, forklarte Tjosås.

– Men i høve punkt 3, snakkar vi om kveld og natt, eller snakkar vi òg om ein fin sommardag kor det står på musikk. Vi må veta kva vi snakkar om her, poengterte Trine Lindborg (Ap).

– Politivedtektene regulerer ikkje at du har lov til å spele Dizzie Tunes men ikkje Aurora mellom klokka 20 og 21. Meiner ein at det støyer for mykje, så må ein varsle politiet, så kjem dei og vurderer det, svara Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.