Lokal | 27. sep. 2016

Mann med hammar slapp unna varetekt

Onsdag kasta han ein hammar i hovudet på politiet, fredag fekk han gå fri.

Mann med hammar slapp unna varetekt
Politiet ville ha mannen varetektsfengsla i fire veker, men retten hadde ikkje tru på at det var fare for gjentaking. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. sep. 2016 07:53

Onsdag i førre veke blei ein politibetjent lettare skadd då ein mann i 40-åra kasta ein hammar i hovudet på vedkomande.

Sikta blei tatt med til arresten i Bergen og framstilt for varetektsfengsling fredag. Påtalemakta ba om fire veker varetekt.

Retten fann at sikta med god grunn kan mistenkast for straffbar handling som kan medføra strengare straff enn 6 månadar fengsel.

Sikta opplyser at politiet ikkje identifiserte seg sjølv, og at han derfor følte seg truga. Dette er i strid med vitne på staden si forklaring, noko som retten la til grunn.

Det neste retten måtte vurdera var om det var fare for gjentaking, slik påtale argumenterte for. Sjølv om tiltalte er dømt fleire gongar tidlegare, òg for vald mot politiet, meinte retten at det ikkje er fare for gjentaking.

Retten viste til at sikta ved tidlegare dom med delar av straff på vilkår har halde seg unna lovbrot i prøvetida, og at denne episoden er meir prega av ei frittståande hending.

Sikta blei fredag sett fri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.