Sport | 01. sep. 2014

Mats Cato opna målkontoen

Moldskred brukte to minutt på å skåra i 5-1-sigeren til Kongsvinger.

Mats Cato opna målkontoen
Mats Cato skåra to minutt ut i kampen for Kongsvinger laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. sep. 2014 19:18

Bortekampen mot Lysekloster 10. august blei Mats Cato Moldskred sin siste kamp for Os denne sesongen.

Les òg: Mats Cato til Kongsvinger

Moldskred, som kom tilbake til moderklubben i vinter, debuterte for Kongsvinger i Oddsen-ligaen 17. august, laurdag sette han inn sitt første mål for ny klubb.

– Eg bryr meg ikkje så mykje om eg skårer eller har assist, det viktigaste er at eg føler at eg bidrar i det offensive. Men det var naturlegvis godt å skåra og føla at eg har kome i gang.

Vann 5-1

Dei to første kampane etter overgangen blei det 1-2-tap, Kongsvinger tapte for topplaget Jerv og etterpå for Holmen, begge med Moldskred frå start.

- Vi burde tatt fire poeng i dei to kampane. Mot Holmen hadde vi ballen 70 prosent av tida og talte 26 skot og 14 sjansar.

I helga gjekk det betre, då vann Kongsvinger 5-1 over botnlaget Birkebeineren, som Kongsvinger tapte 1-3 for på heimebane i vår.

Les meir og sjå bilde på glomdalen.no.

I tillegg til skåringa, der Moldskred sette inn 1-0 to minutt ut i kampen, nede innanfor lengste stolpe, skaffa osingen straffe som førte til skåring.

Kongsvinger ligg no på 4. plass, 2 poeng frå 2. plass, 5 poeng bak serieleiar Jerv.

Føler med Os

Os har berre tatt 1 poeng på dei siste 4 kampane, og tapt alle tre kampane etter at Moldskred forsvann over fjellet.

– Det ser ut som om dei har ein liten down-periode.

– Eg håper det kjem seg igjen snart.

Gamal lagkamerat – ny trenar

Mats Cato har berre kontrakt ut sesongen, men har kjøpt leilegheit nær Kongsvinger sentrum.

Han fortel at han trivst så langt, og at han blant anna er lagkamerat med Stefan Lindmark, som han også spelte med i Superettan med IK Brage.

Kongsvinger har dessutan fått ny trenar, i dag var første økt med portugisiske Luis Pimenta.

Pimenta overtok etter André Bergdølmo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.