Lokal | 02. des. 2014

Meir til skule og idrett

Frp/H nyttar 10,8 millionar meir enn rådmannen i budsjettforslaget. Styrker oppvekst og kultur med 7,4 millionar kroner.

Meir til skule og idrett
Ordførar Terje Søviknes (Frp) presenterte budsjettframlegget frå Frp/H (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. des. 2014 12:29

Tysdag la dei politiske partia fram sine svar på rådmannens budsjettframlegg for 2015. I budsjettframlegget la rådmannen opp til ei overskot i 2015 på omlag 15 millionar kroner. 10,8 av desse vil fleirtalskoallisjonen med Frp/H nytta til eingongstiltak i staden.

– Dette har vore ein spesiell budsjettprosess fordi rådmannen gav oss eit veldig godt utgangspunkt, som igjen skuldast eit godt statsbudsjett.

– Det ligg mykje godt i rådmannen sitt framlegg, opna ordførar Terje Søviknes då han presenterte framlegget frå Frp/H.

Rustar opp uteareal

Budsjettvinnaren i Frp/H sitt budsjett er utan tvil oppvekst og kulturavdelinga. Av dei 7,4 millionane posisjonen ser for seg å nytta er rett nok 2 millionar satt av for å ta høgda for ei varsla underdekning i finansieringa av private barnehagar, men også den eine kommunale barnehagen skal få.

– Vi vil at uteområdet ved Os barnehage skal framstå tipp topp slik at barnehagen blir ein attraktiv og konkurransedyktig barnehage i sentrumsområdet.

– Difor vil vi gje ei eingongsløvying på 700 000 til uteområdet der.

I tillegg ber Frp/H om at rådmannen etablerar eit prosjekt for å marknadsføra og styrkja det positive omdømmet til dei to kommunale barnehagane.

Nye PCar, programvare og utstyr

Allereie tidleg etter at rådmannen foreslo å flytta dei eldste elevane frå Strøno barneskule til Nore Neset barneskule gjekk dei to partia ut å sa at det ikkje var aktuelt, noko dei stadfestar i budsjetta for dei kommande åra.

– Vi ser òg at skulane treng eit løft og vil difor gå til innkjøp av fire nye klassesett med bærbare PCar. To til kvar av ungdomsskulane.

– Vi legg òg inn 800 000 kroner til leseprosjekt, inkludert programvare og 100 000 til programvare i eit eit matematikkprosjekt.

– I tillegg set vi av 700 000 kroner til kompentanseheving innan programmet Dei Utrulege Åra.

Kunstgras og 7ar-bane

Søfteland Turn og Idrettslag har allereie fått løfte om støtte til etableringa av «Friplassen» ved Søfteland skule.

– Vi forutset òg at ein finn midlar til å vidareføra «Kjør for Livet» innan dagens rammer.

– Til kunstgraset på Lysefjorden idrettspark vil vi gje 300 000 kroner, tilsvarande det kommunen gav til Kuventræ då dei bytta kunstgras.

– Vi vil òg gje eit tilskot på 500 000 kroner til Søre Neset IL si nye 7ar-bane på Halhjem og komma attende til eventuell kommunal garanti i eiga sak, forklarte Søviknes.

I tillegg legg dei to partia inn 2 millionar til eit fellesanlegg mellom Lysekloster skule og Lysekloster idrettspark i samband med rehabiliteringa av skulen.

Osfest-løyving blir turstiar

I oktober løyvde formannskapet 300 000 kroner i støtte til Osfest 2015. No vil Frp/H trekkje denne støtta ut av KUP-midlane, slik at desse blir redusert frå 1 million til 700 000.

– Dei 300 000 som vi trekk ut derfrå vil vi flytta over i ein pott som idrettskonsulenten kan nytta til turstiar og friluftsliv.

– 2015 er Friluftslivets år, minna ordføraren om.

Syklande eldre

Med ein romsleg budsjettsitasjon dryp det litt på dei fleste. Helse, omsorg og beredskap blir styrka med ytterlegare 1,64 millionar kroner.

– No blei den sentrale spaserstokken sikra, men vi legg inn 100 000 til den lokale spaserstokken, så no har dei ein i kvar hand.

– Vi vil òg gje 600 000 kroner til prosjekt kvardagsrehabilitering og til ei koordinatorstilling for ressurskrevjande brukarar på tvers av dei to store områda våre.

– Bergen kommune har allereie innført eit system kor bebuarane på sjukeheimane deira kan ta seg ein sykkeltur på ein ergometersykkel gjennom Bergen sine gater vist som film framfor dei.

– Tilsvarande ønskjer vi på Os, kor dei kan få sykla til dømes Strøno rundt, Lysefjorden rundt eller innom kulturminner eller liknande, forklarte Søviknes som hadde satt av 300 000 kroner til prosjektet.

Os pensjonistforening får òg auka støtte med 40 000 kroner. Ein vil òg styrka frivilligsentralen med ei halv stilling, spesielt retta mot frivilligheit innan omsorgstenestene.

Fødselshjelpar og liv på Øyro

I samband med at det skal gjennomførast val til nytt kommunestyre til hausten ser fleirtalet det naudsynt å investera 200 000 kroner i nye Ipadar til politikarane.

– Rådmannen har lagt inn å vidareføra prosjekt "Liv på Øyro" med 500 000 kroner.

– Vi vil dobla denne løyvinga slik at det samla vert sett av 1 million per år til vidareføring av aktivitetsprogram og planarbeid knytt til programmet.

– I tillegg vil vi setta av 100 000 til oppstarta av Os Næringsforum. Vi ønskjer at kommunen skal vera fødselshjelpar til eit slik forum, så må næringslivet sjølv organisera og driva det vidare, presiserte Søviknes som òg vil kartlegga ledige næringsareal og få eit auka næringsfokus i kommunen og administrasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.