Kultur | 27. juni 2012

Mister nattklubbløyvet

Grunna manglande byggesøknad får Irish Cat redusert skjenketid frå 3 til 2 med verknad frå 1. juli.

Mister nattklubbløyvet
Frå juli av blir det mørkt hos Irish Cat ein time tidlegare. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juni 2012 10:18

Os kommune fann tiltaket med ombygging av lokala til Irish Cat søknadspliktig og huseigar Anders Fagerthun fekk frist til 30. mai med å koma med byggesøknad.

Irish Cat hadde fått fornya skjenkeløyvet sitt frå 1. juli på vilkår at lokalet var godkjent og lov å bruka.

Kommunen viste fleksibilitet og ville ta saka inn til behandling i plan- og bygningsutvalet torsdag i førre veke, men søknaden kom først klokka 14.50 dagen før, og den var ikkje komplett.

Les òg: Blir det skjenking etter 1. juli?

Frå nattklubb til pub

– Sidan vi ikkje fekk søknad til behandling hadde vi leiarmøte i byggeavdelinga i går, seier kommunalsjef Karl Ole Midtbø.

– Der bestemte vi oss for at Irish Cat skal få driva vidare etter 1. juli, men som pub, ikkje som nattklubb.

Det blir no forma eit brev som går til skjenkekontoret i rådhuset.

– Mister halve inntektsgrunnlaget

Medeigar i Irish Cat, Espen Risti, visste verken om møtet i går eller avgjerda då Midtsiden tok kontakt i dag.

– Det var overraskande og veldig kjipt. Vi har forstått det sånn at søknaden var under utarbeiding og at huseigar hadde fått ny frist, at dette skulle behandlast etter sommaren, seier Risti.

– Nesten all vår omsetnad er frå 00.30 til 3 om natta, med skjenking til 2 kjem vi truleg til å halvera omsetnaden. Då er det vanskeleg å driva butikk, seier Risti, og legg til at han vil koma tilbake til korleis Irish Cat vil tilpassa seg, og reagera, på dei innskrenka skjenketidene.

1. juli er førstkomande søndag. Irish Cat må nok retta seg etter krav om skjenkestopp klokka 2 allereie frå denne helga sidan nytt skjenkeløyve trer i kraft ved midnatt 1. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.