Lokal | 13. nov. 2015

Mørke skyer over Solsiden

Politikarane vil ha nattklubb, men krev støymålingar før dei gjev endeleg bruksløyve til Solsiden.

Mørke skyer over Solsiden
Det heng mørke skyer over Solsiden, men likevel er det lys om dei får på plass tilfredsstillande løysingar på støyproblematikken (foto: AH)
Andris Hamrefredag 13. nov. 2015 11:51

Om Solsiden ikkje settar støykrava etter teknisk forskrift ved "normal drift" kan dei i yttarste konsekvens måtte endra driften.

Det kjem fram etter at plan- og bygningsutvalet torsdag handsama søknaden om bruksendring frå restaurant til pub/nattklubb. Solsiden får nemleg endra bruksløyve under føresetnad av at:

  • Vindauga i lokalet skal ikkje kunne opnast.
  • Det skal ikkje spelast musikk på utsida av lokala.
  • Eit uavhengig føretak med ansvarsrett må gjennomføre uavhengig kontroll av prosjektering for lyd og vibrasjonar. Vidare skal dette føretaket dokumentera at støykrav etter teknisk forskrift er stetta ved "normal drift".

Frist for å oppfylle vilkåra i løyvet vert sett til 4 veker frå tiltakshavar mottar melding om vedtaket. Dersom vilkåret ikkje vert stetta vil løyvet bli omgjort til eit avslag, jf. Fvl. § 35, heiter det i vedtaket.

Les òg: Må søka om bruksendring

Landa på eit «Ja»

Politikarane hadde òg eit alternativ å utsetta saka for å ta ei vurdering på om heile området skulle bli underlagt ny arealplanlegging.

– Vi har landa på alternativ 1 fordi dei skal få ein sjans. Med det tredje punktet i vedtaket har vi nemleg framleis ein utgang. Om dei ikkje gjer det som står der og oppfyller krava godt nok, så blir det inga nattklubb.

– Samstundes møter alle seg sjølv litt i døra. Livet på øyro må nødvendigvis vera kafear, restauranter og moglegens òg nattklubbar. Men om ein nattklubb førar til mindre tilflytting til bustader i sentrum, så gjer det igjen at det blir eit dårlegere grunnlag for å driva butikkar, så det er ikkje heilt enkelt, konkluderte Harald Døsen (Ap).

Kor vil vi ha nattklubb?

Terje Sperrevik (TvS) følgde refleksjonane til Døsen.

– Det handlar om kva liv vi vil ha i sentrum. Er det natteliv eller er det liv på dagtid og om kveldane? Vi må gjera nokre skikkelige vurderingar her.

– Berre for å presisera det, eg er for at vi skal ha nattklubb i bygda. Men er ikkje sikker på at det er rett at den skal ligga der den ligg. Det er ei stor utfordring i høve Os sentrum om korleis vi vil ha det. Ein nattklubbaktivitet er såpass støyande på ei tid når folk vil sova at det nødvendigvis blir ei utfordring, oppsummerte Sperrevik.

Korleis kunne det skje igjen?

Sperrevik var òg undrande til at ein har gitt Solsiden skjenkeløyve til klokka tre om natta utan at ein har gjeve dei driftsløyve til det først.

– Eg er forundra over at det skjer igjen, kommenterte Sperrevik med referanse til rundene ein hadde med Irish Cat for nokre år tilbake.

– Vi kunne sikkert fanga det opp tidlegare, men det har vi altså ikkje gjort. For framtida har vi laga ei rutine som gjer at dei som innvilgar skjenkeløyve gir bygningsavdelinga ei melding. Tidlegare har vi ikkje hatt denne koblinga.

– Samstundes er det dei som skal driva ein plass som har ansvaret for at dei har dei rette løyvene, påpeika Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune.

Likebehandling

Plan- og utviklingssjefen drøfta vidare kva ein kunne gjera etter plan- og bygningslova.

– Vi må forholde oss til det som er inne. Ute kan vi ikkje regulera kor mykje folk kan skrika. Det som går på helse er det kommuneoverlegen som tek seg av.

– Når det gjeld alternativ 2 så må det stengast og stoppast medan vurderingane blir gjort. Då må vi på eit anna regime kor vi går gjennom sentrumsplanen og seier korleis vi vil ha det på sikt. Om vi skal gjera det vil det slå ut også i forhold til Catten. Vi må handsama dei likt, kommenterte Tjosås.

– Rekk dei det?

I vedtaket plan- og bygningsutvalet gjorde får Solsiden fire veker til å gjennomføra støymålingane og sørgje for at ein held seg innanfor det som krevst etter teknisk forskrift.

– Då vi hadde saka med Irish Cat hugsar eg det var problem å få tak i firma som kunne gjera det. Er det realistisk å tru at dei klarar det i løpet av dei fire vekene, eventuelt med tillegg av ein klagefrist?

– Kanskje det hadde vore ryddigare om vi hadde satt ein fast dato slik at vi ikkje kjem opp i ein situasjon kor fokuset blir dratt vekk frå sjølve saken, men over på formaliteter, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

– Vi set alltid ein frist vi meiner er realistisk. Om det viser seg at det er vanskeleg å få eit kvalifisert firma på plass, så er vi ikkje urimelege. Går dei på alternativ 1, så seier de at dette skal gjerast med ein gong, svara Tjosås.

– Det viktige er at vi ikkje lurar bebuarane til å tru at om fire veker så er alt i orden. Om dei nyttar seg av klagemoglegheiten, så får ikkje vi handsama den før i møtet vårt i februar, påpeika Bahus før utvalet med 6 mot 1 røyst gjekk for alternativ 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.