Kultur | 28. juni 2012

Nabo går til sak

Men det er verken huseigar, kommunen eller Irish Cat som Oshjørnet no går til sak mot.

Nabo går til sak
Irish Cat driv i lokale som ikkje er godkjent. Det kan få meir alvorlege følgjer enn redusert opningstid. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juni 2012 12:14

Oshjørnet AS, som til no har vore ivrigaste nabo innan det å legga press på kommunen i oppfølging av byggesaka i Irish Cat-lokalet, går no til sak.

– Fredag begjærer vi naboskjønn, seier konsulent Terje Haugan.

Men det er verken huseigar eller Os kommune dei går til sak mot.

Sweco fekk ansvaret

– Vi går til sak mot Sweco. Når dei no tar på seg oppdraget med byggesøknaden kjem dei inn som ansvarleg part. Det er ikkje kven som helst som kan senda ein byggesøknad på ein nattklubb, dette er over både huseigar og byggmeister-nivå, og må bli utført av særskilt kyndige foretak grunna risikoen knytta til det å samla mange halvfulle og fulle menneske i ein nattklubb.

I går blei det kjent at Irish Cat har mista nattklubbløyvet sitt, frå førstkomande natt til søndag må dei stenga klokka 2 i staden for klokka 3.

Årsaka er at vilkår i nattklubbløyvet ikkje er innfridd, dei klarte ikkje å få sendt inn en søknad om løyve for det arbeidet som er utført og den bruksendring dei ønskjer innan frist.

– Ikkje lov å bruka lokalet

– Årsaka til at vi går til sak er at lokalet er i bruk utan at det er bruksløyve og at kommunen ser ut til å vera veldig tålmodig med huseigar.

Då krav om byggesøknad kom etter tilsyn i vår er lokalet dokumentert ikke forskriftsmessig og automatisk ikkje lov å bruka før avvik er retta og tiltaket er godkjent.

– Naboen vår driv altså med ulovleg verksemd til stor sjenanse for Oshjørnet og fleire andre naboar. At kommunen gjev dei løyve til å driva pub gjer ikkje lokala meir godkjente enn dei var til nattklubb. Kva blir den reelle forskjellen?

– Men no er det ein rettsal, og ikkje kommunen, som blir bedt om å avgjera om lokalet kan brukast som utestad eller ikkje, seier Haugan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.