NM: Os får sjanse til revansje
Oppsettet er klart - her er første kvalifiseringsrunde i årets NM.
Måndag blei oppsettet til første kvalifiseringsrunde i NM lagt ut.
Os er blant dei 18 laga i Hordaland som skal spela kvalfiseringskampar, mens 7 andre lag i Hordaland allereie er kvalifiserte, inkludert Lysekloster.
Os møter Stord.
Kampen går på Stord og skal spelast onsdag 21. mars.
– Cupen er spennande, både fordi den kan skapa litt ekstra inntekter til klubben, og fordi det er sjanse for å få ein motstandar som er ekstra interessant. Vi ønskjer naturlegvis å vera med lengst mogleg, seier ny hovudtrenar for Os, Karl Kvile.
Skåra 11 mål på Stord i fjor
I NM-kvalifiseringa i fjor tapte Stord 0-1 for Lysekloster. I serien vann Os 2-5 borte og 6-3 heime over Stord.
Os har likevel litt å revansjera:
Stord var a-poeng med Os i serien, men klatra forbi Os på målforskjell i sluttsekunda av 2017-serien og stakk av med den siste plassen i 3. divisjon 2018.
– Eg ser ikkje nokon grunn til å egga opp til noko krig, det var ikkje i siste runde Os rykte ned, men gjennom ein sesong med for svake resultat.
– Men eg har fått med meg at enkelte meiner det kan vera litt ekstra kjensler rundt denne kampen, og om det kan vera med på å skapa ekstra interesse, og kanskje nokre supportarar som tar ferja for å støtta oss, er det jo kjekt.
Oppsettet
Os slo Odda 4-0 og Arna-Bjørnar 1-2 i kvalifisering, og tapte 1-4 heime for Nest-Sotra i første NM-runde i 2016.
Første kvalifiseringsrunde i 2018 skal spelast 21. mars, andre runde 4. april.
Her er dei andre kvalifiseringskampane i og rundt Bergen:
Odda – Øystese
Stord – Os
Trott – Varegg
Gneist – Loddefjord
NHH – Lyngbø
Austevoll – Sund
Tertnes – Vestsiden/Askøy
Arna-Bjørnar – Ny-Krohnborg
Bjarg – Sandviken
Nordhordland - Vik
Sjå heile oppsettet på fotball.no.
Terminlista for serien er førebels ikkje klar - men her ser du Os si avdeling i årets 4. divisjon.
Os må klara seg utan Erik Kanestrøm og Ole Martin Lekven Kolskogen i år, men har signert Frode Storebø og Mats Cato Moldskred.
– Vi er omtrent i mål med troppen, men ser etter noko meir konkurranse om keeperplassen og i sentral midtbanerolle, seier Kvile.
Vinterens første treningskamp går mot Øystese i fotballhallen i Straume idrettspark (Sotra) førstkomande søndag.
• Midtsiden samleside: Os Fotball
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.