Lokal | 23. des. 2015

– No bør du få lås på postkassen!

Arnfinn Våge lytta til politiet: Kortsvindel, forbrukslån og abonnement – dette bruker posttjuvane i Os identiteten din til.

– No bør du få lås på postkassen!
Arnfinn «Affa» Våge (t.h.) lytta til politiet, som kom med oppmoding om å kjøpa lås. Kuvenbakken og Granlia har vore særleg utsett for posttjuveri den siste tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. des. 2015 15:39

Etter ein serie med posttjuveri i Os hausten 2014 blei ei kvinne tatt. I februar blei ho dømt til fengsel og samfunsstraff.

Den siste veka har politiet fått melding om fleire tilfelle av tjuveri av post igjen, og no er ein mann på rundt 30 år mistenkt.

– Det starta med at nokon fann post som låg slengt. Då vi kontakta eigarane av posten viste det seg at ein av dei hadde blitt utsett for misbruk og forsøk på misbruk av visakortet, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Mistenkte, som er dømt for liknande forhold tidlegare, hadde prøvd å handla for nesten 50.000 kroner med det stolne kortet. Han lykkast med å bruka mellom 5000 og 10.000 før han blei tatt.

Vedkomande har innrømt forholdet, men framleis blir det stole post, ikkje minst i nokre nabolag rett nord for Os sentrum. I dag var det nokon som sakna julegåver som skal vera sendt for fleire dagar sidan.

Berre 3 av 8 hadde lås

Tidlegare i dag, veslejulaftan, fekk politiet melding om tjuveri av post frå Kuvenbakken.

– Kuvenbakken og Granlia har vore veldig utsett. Men også fleire nabolag utanfor sentrum, blant anna i Askvik.

– Det er lett for tjuvane å svindla deg og vanskeleg og omfattande jobb for oss å etterforska i etterkant. Men det er svært billig og enkelt å redusera risikoen, ein hengelås hjelper veldig på.

Då Midtsiden møtte Rastad i Kuvenbakken var det berre 3 av 8 postkassar som var låst.

– Det er vel på tide no

Mens vi snakka med Rastad kom Arnfinn «Affa» Våge forbi. Han bur i Granlia og har fått med seg at det har vore ein del tjuveri av post i Os.

– Eg har tenkt ei stund på å kjøpa lås, naboane har anbefalt meg det òg. Men eg har tenkt at det kan vera krunglete om andre skal henta posten for meg, og manglar nøkkel.

– Men eg får vel kjøpa meg ein hengelås med kode.

Nabo Gunnar Kyrkjeteig har hatt lås på postkassen i over eit år.

– To dagar på rad fann eg post som nokon hadde slengt frå seg, den eine dagen låg det ni brev i ein hage rett ved stativet. Då kjøpte eg lås, fortel Kyrkjeteig.

Tok forbrukslån på over 500.000

Rastad seier det er enkelt for tjuvane å svindla andre.

– Selskapa som sender verdipapir, hentelappar elle pakkar har ulike rutinar. Dei som finn dette kan ofte enkelt gå på posten og henta pakken din. Om det er gåver, bøker, klede eller anna, og vi kjem over det seinare, er det dessutan svært vanskeleg for oss å veta om dette ein gong har vore stole.

Men det verste er når betalinskort eller identitetspapir blir stole.

– Dei treng gjerne berre eit bilde av kortet ditt, så går dei rett på utanlandske nettsider og handlar. Enkelte teiknar abonnement eller tar opp store forbrukslån i andre sitt namn. Det kan bli tidkrevjande å orna opp i seinare.

I fjor var det ein osing som fann eit førarkort. Han blei dømt etter at han sette opp ein «falsk» postkasse i Strøno og prøvde å ta opp ulike forbrukslån på til saman over 500.000.

Sponsar du ein posttjuv?

– Andre har fått frastole firmakort og ikkje merka at det, over tid, var misbrukt for 50.000 kroner. For det du veit kan det henda at nokon allereie svindlar deg, om dei for eksempel har teina eit abonnement på eit så lågt beløp at du ikkje merkar kronene som forsvinn.

– Vår oppmoding er; kjøp lås og følg med på kontoutskriftene dine! seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.