Lokal | 11. des. 2015

Ny behandling i januar

Torsdag gjekk fristen ut, onsdag klagde Solsiden på vedtaket etter søknad om bruksendring.

Ny behandling i januar
Solsiden kan driva vidare gjennom jula til klagen blir behandla i slutten av januar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2015 14:41

Torsdag 12. november var søknaden om bruksendring frå restaurant til pub/nattklubb oppe til behadling i plan- og bygningsutvalet.

Solsiden får endra bruksløyve under føresetnad av at:
1. Vindauga i lokalet skal ikkje kunne opnast.
2. Det skal ikkje spelast musikk på utsida av lokala.
3. Eit uavhengig føretak med ansvarsrett må gjennomføre uavhengig kontroll av prosjektering for lyd og vibrasjonar. Vidare skal dette føretaket dokumentera at støykrav etter teknisk forskrift er stetta ved "normal drift".

Viss ikkje alle tre punkta var innfridde innan i går blei løyvet omgjort til eit avslag. Men innan fristen gjekk ut sendte Sagstad Holding klage på vedtaket.

– Ikkje tydeleg nok

Solsiden-drivar Tore André Sagstad seier at det er fleire årsaker til at han klager på vedtaket.

– Det er ikkje tydeleg nok, slik eg ser det, spesielt ikkje i punkt 2.

– Eg har spurd politikarane kva dei meiner med at det ikkje skal spelast musikk på utsida av lokala. Gjeld dette også bakgrunnsmusikk på restauranten på dagtid og reklamemusikk mellom fotballkampar på ettermiddagar?

– Svaret eg fekk var at det uansett ikkje skulle spelast musikk utandørs. Eg forstår at vi ikkje kan ha full disco ute, det har vi heller aldri hatt. Men om ikkje vi kan ha bakgrunnsmusikk eller lyd frå TV på dagtid får meg til å undrast over om dei bør sjå på heile Liv på Øyro-prosjektet på nytt.

Har allereie tatt støymåling

Det viktigaste er uansett punkt 3, med støymåling. Her har Sagstad allereie brukt begge dei store selskapa i Bergen, Sweco til å utføra måling og levera rapport, Multiconsult til å skriva rapport om rapporten.

– Då denne blei utført for to år sidan var alle einige om å retta seg etter denne. Begge konkluderer med at støyen er haldbar låg. Vi måtte til og med skru opp til langt over det vi nokosinne har hatt av volum for at dei i det heile tatt skulle få inn nokre signal i bustadane over.

– Då undrast eg over korleis kommunelegen kan ta ei måling ein privatperson kjem med, utan at denne er dokumentert, og fatta vedtak ut frå denne. Er det sånn at så lenge du klager på naboen så kan du koma med kva påstand du vil?

Sagstad lurer på kva som skal til når ikkje Sweco eller Multiconsult sitt arbeid er godt nok.

– Skal eg finna eit tredje selskap så må dei reisa langt, eg trur det nærmaste er Kristiansand.

Sagstad sin klage skal opp til behandling i slutten av januar. I mellomtida blir det jul og drift som før på Solsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.