Langedalen er stengd for store bilar fram til 6. november. Vegen er stengd ved nr 44. (Kartios.no)

Opnar - men ikkje for alle

Langedalen har vore stengd sidan 12. september.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag 12. september blei Langedalen stengd ved nr 44. Planlagd stengetid var éin månad, årsaka til stenginga er utbetring av vegen.

I dag fortel Os kommune at vegen no er open for gjennomkøyring for personbilar.

– Gjennomkøyring skjer på eige ansvar. Vegen kan framleis bli stengd i kortare periodar.

Men vegen er ikkje open for alle.

– Vegen vil framleis vera stengd for store bilar fram til 6. november, skriv teknisk eining i ei pressemelding.

Langedalen er, som før, open for mjuke trafikantar.