Os G17 stiller med to lag i Norway Cup. Dette laget er klare for finale i A-sluttspelet.

Os til finale i Norway Cup!

Os G17 med suveren siger i semifinalen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter 2-0-siger i kvartfinalen i formiddag spelte Os G17 i ettermiddag semifinale i A-sluttspelet mot Kolbotn IL.

Kampen enda med 4-0-siger til Os!

Trym Hjørnevik gav Os 1-0-leiing tidleg i kampen, Alexander Tøssebro auka til 2-0 på noko som, av foreldre på sidelinja, blir skildra som ei perle av ei skåring.

Hjørnevik auka til 3-0 før Tøssebro sette inn 4-0 på straffe.

Finalen går laurdag klokka 15.50 på Ekeberg bane 1.

Denne blir ein rein vestlandsfinale, Os møter Sotra, som slo Austrheim 2-0.

Finalen blir vist direkte på TV2 Sportskanalen, og i opptak klokka 18.40 laurdag kveld.

– Full av overskot

Laget består i hovudsak av spelarar som speler på Os sitt førstelag på G19 i serien, dei fleste er fødde i 2000, med noko hjelp frå yngre årgangar. Då mange sisteårsjuniorar ikkje kunne bli med til Oslo i år, meldte desse seg på som G17, mens Os berre hadde eitt G19-lag med i turneringa.

– Eg har 19 spelarar med seg. Alle var skadefrie etter innleiande rundar, bortsett frå keeper Peter Armstrong, som fekk ein smell i låret i første kamp, fortel trenar John Ole Johannessen.

Marius Lyssand vakta buret i andre kamp, Trym Hjørnevik i tredje.

– Trym tok sistemann, fekk raudt kort og karantene - men stilte med eit voldsomt overskot i dag, seier John Ole om tomålsskåraren.

Middag på klubben si rekning

Det er mange år sidan sist Os hadde eit gutelag i finalen i det som er verdas største fotballturnering.

– No har vi jogga ned, så er det på hotellet og dusja. I kveld skulle vi få middag på klubben si rekning, fortel Johannessen.

Han takkar sambygdingar for ein strålande dag på Ekeberg.

– Det har vore eit voldsomt trøkk her oppe i dag, med to kampar på både gutane mine og jentene frå Nore Neset.

– Utruleg kjekt at alle kampane har gått på Ekeberg. Vi har heia på kvarandre og stemninga har vore fantastisk!

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Aalesund-tabbe kan sikra Os

16. oktober 2017

Os står i fare for nedrykk før siste runde, men ikkje om protest på denne mannen går i boks.

bilde-midtsiden

Til Os med tips - og litt tull

16. oktober 2017

Held foredrag for Fargerike: – Målet er at dei som høyrer på skal få nokre konkrete råd, men det viktigaste er litt glød, seier Einar Nilsson frå...

bilde-midtsiden

Å laga jul i nytt sentrum

16. oktober 2017

Blir det lyslenker over nyopplyst Øyro? Blir det plass til juletre på det nye torget?

bilde-midtsiden

Stenger for asfaltering

16. oktober 2017

Heile Midtsætervegen blir stengd på dagtid tysdag og onsdag for asfaltering.

bilde-midtsiden

«Tak» på tak i Os sentrum

16. oktober 2017

10 år etter førre paraplyprosjekt er nye utlånsparaplyar på plass mellom dei nye glastaka på Osøyro.