Næringsliv | 13. jan. 2016

Over ein halv milliard i omsetning

Ny rekord for Amfi Os: Auka med 5,32 % og omsette for 552 millionar kroner i 2015.

Over ein halv milliard i omsetning
Amfi Os omsatte for over 552 millionar kroner i 2015 (Pressebilde, foto: Espen Wanvik)
Andris Hamreonsdag 13. jan. 2016 14:47

Senterleiar Silje Lygre på Amfi Os offentleggjorde onsdag omsetningstala for 2015.

– Vi ser tilbake på nok eit år med rekordomsetning.

– Den samla omsetninga på heile senteret blei på over 552 millionar kroner, noko som tilsvarar ei auke på heile 5,32 % (mot 3,01 % vekst året før).

– Dette er særs gledeleg, spesielt med tanke på at senteret også hadde ei særs positiv utvikling i 2014, seier Lygre i ei pressemelding.

77 millionar julekroner

Av dei 552 millionane kjem over 77 millionar kroner frå julehandelen.

– Fjorårets julehandel starta med eit brak under Black Friday, då vi opna dørene allereie klokka sju om morgonen. Kundane sto i kø utanfor butikkane og vi fekk ei samla omsetningsauke på heile 84 % denne siste fredagen i november. Etter det var det full rulle heilt fram til jul, fortel senterleiaren.

Byggjer om Europris

Lygre fortel at dei er nøgd med utviklinga på senteret, men at dei vil helda fram med å utvikla det vidare.

– Det er viktig at vi heile vegen utviklar oss og er med å sikra eit godt tilbod til osingane og kommunane rundt.

– Det kjem til å skje ein del ting på Amfi Os også i 2016. Noko av det første kundane kanskje vil merka er ombygginga av Europris. Vi reknar med ferdigstillelse i løpet av hausten.

– Vi er takknemlege for at osingane brukar oss og på den måten er med å sikra trygge, lokale arbeidsplassar, avsluttar Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.