Kultur | 31. mai 2011

Overtok eigedomen

Brørne Wagner-Larsen har kjøpt bygningane på kaien. Større og betre uteservering fekk førsteprioritet.

Overtok eigedomen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mai 2011 20:06

Brørne Fredrik og Joachim Wagner-Larsen, som opna Peppes Pizza på Os i november 2005, bruker 2011 til å satsa vidare. I vinter kjøpte dei eigedomsmassen på kaien, i september opnar dei den første Peppes Pizza-restauranten på Voss.

– Det blir nok eit kjekt, men travelt år, trur Fredrik Wagner-Larsen.

Kjøpte «heile» kaien

Bjørnefjorden Pizza AS, selskapet som driv Peppes på Os, hadde god omsetnad frå første år og har vakse jamt.

Omsetnaden i 2007 var 7,6 millionar kroner, i 2009 var den nærmare 8,4.

– Vi har vore i dialog med Erling Engeseth om å kjøpa delar og heile byggmassen ei stund. I vinter blei vi einige og i vår overtok vi.

Wagner-Larsen-brørne kjøpte selskapet Servicebygget AS, som eig bygningsmassen som inkluderer Peppes-bygget, Kaien Godzilla med venterom til skyssbåten, servicebygget og uterestauranten.

Fleire plassar - full kontroll

Frå å vera delt mellom restaurantane har Peppes no all servering utandørs. Gjerdet som tidlegare skilte to avdelingar er vekke og Peppes har auka frå 60 til 160 plassar.

– I tillegg til større plass har vi trekt leidningar med straum og øl ut til ny utandørs-bar. Vi har også investert i markiser på Kaien-bygget, stråleomnar kjem også.

17. mai blei det bruk for markisene, 100 av dei 160 stolane utandørs kan få tak over seg ved behov.

– Ei anna viktig årsak til at vi ville styra heile uteplassen var at vi vil ha kontroll på området sånn at vi lettare kan styra kva som skal skje av underhaldning utandørs.

Meir LIVE

Både under tidlegare Osøren Blues og Jazz-festivalar og ved andre høve har det blitt rigga scene på kaien utanfor Peppes.

– Konsertar er noko vi kjem til å halda fram med. Fredag var vi litt uheldige med vêret, men vi hadde rundt 80 gjestar. Neste LIVE-kveld, førebels, er vorspiel for Rock N LoL fredag 10. juni.

På vorspielet skal Herr Nilsson spela konsert. Du får dessutan ein forsmak på Dig Deeper, som også skal spela under festivalen i midten av juli.

Osing blir sjef på Voss

Parallelt med satsinga på Os har Wagner-Larsen-gutane tett program med førebuing av opning av Peppes på Voss.

– Vi har fått eit flott lokale over to etasjar i Vangsgata, der sportsbutikken S. Endeve tidlegare heldt til.

Fredrik styrer mest med vossarestauranen medan Joachim har overtatt som dagleg leiar på Os.

– Når vi opnar på Voss 1. september i år er det med osing som sjef. Anette Lekven, som har jobba hos oss på Os i fleire år, flyttar til ekstremsportbygda for å styra pizzasalet, fortel Fredrik Wagner-Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.