Lokal | 14. juni 2017

Pakkar 8000 drakter til Karanba

Omlag 8000 drakter, fleire tusen par sko, store mengder strømpar, shortsar og ballar har kome inn til Karanba. No pakkar driftige pensjonistar på harde livet.

Pakkar 8000 drakter til Karanba
Brit Tungeland (nr 2 fra venstre) og venninnene stilte gladleg opp for å hjelpe til med pakkinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. juni 2017 10:39

Bildeserie:

Det er mange draktar som skal brettast og pakkast. Her ein haug frå Flaktveit il (foto: AH)
Det er mange draktar som skal brettast og pakkast. Her ein haug frå Flaktveit il (foto: AH)
Kvar eske må merkast nøye med innhald (foto: AH)
Kvar eske må merkast nøye med innhald (foto: AH)
1 av 2
Det er mange draktar som skal brettast og pakkast. Her ein haug frå Flaktveit il (foto: AH)
Kvar eske må merkast nøye med innhald (foto: AH)

Lite truleg hadde Christoffer Kobbeltvedt og Ole Andreas Pettersen i Jadakameratene sett for seg at det skulle ta så til dei grader av då dei fekk med seg dei andre idrettslaga i bygda på å samle inn brukt fotballutstyr til Tommy Nilsen sitt Karanba i Brasil i slutten av mars.

– Det er som eit eventyr. Vi har fått sendt ein heil haug med kasser med utstyr frå Holmen i Asker. Førre veke fekk vi 7-800 drakter frå Minde i Bergen og det er berre to av nokre av dei som har kasta seg på aksjonen, fortel Ole Andreas Pettersen.

Les òg:

Samler inn fotballutstyr til Karanba
Frå Brann til Brasil
Tommy kom til Os for å takka

Sa ja på strak arm

Med så mykje utstyr som har kome inn har initiativtakarane eit stor oppgåve framfor seg med å pakka utstyret.

– Elisabeth Nedrelid nemnde det for Brit Tungeland, som umiddelbart sa ja og at ho kunne få med seg nokre venninner til å hjelpa.

Onsdag førmiddag stilte Tungeland saman med tidlegare kollegaer, slekt og venninner for å starta det omfattande arbeidet med å pakka.

– Klart eg sa ja då Elisabeth spurte. Det er jo for dumt at desse eldsjelene som er travelt opptatt, skal bruka all fritida si til å stå her å pakka når vi som er pensjonistar kan ta eit par timar no og då, smiler Tungeland.

Strenge krav

Det å pakka brukt fotballutstyr for eksport til Brasil er ikkje berre ein lettvint jobb, kor ein kan slenga ting i ei eske og senda avgarde.

– Det er eit relativt regid sett med reglar frå dei brasilianske tollmyndigheitene som vi må følgja. Kvar eske må merkast med nøyaktig innhald og kor mange drakter det til dømes er i den. I tillegg må alle eskane nummererast nøye.

– Vi er no i ein dialog med spedisjonsfirma som har erfaring med å frakte ting til Brasil, slik at vi har nokon som veit kva som skal til når det kjem til fortolling og slikt. Sjølve transporten har Carfix og Torgeir Lyssand sagt at dei sponsar, fortel Pettersen, som saman med Kobbeltvedt, drøymer om å vera til stades når konteineren skal lossast i Brasil utpå hausten.

Innsamlinga held fram også gjennom sommaren og litt utover hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.