Kultur | 26. mars 2015

– Påmeldinga er opna!

Ølfestivalen på Oseana. – No har vi opna påmeldinga. Konkurransa for heimebryggarane blir «sommarøl», seier Berit Steen.

– Påmeldinga er opna!
Roald Mjeldstad i Oseana restauranten og Berit Steen i Oseana har planane klare for ølfestivalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. mars 2015 13:42

I byrjinga av mars lanserte Berit Steen og Roald Mjeldstad på Oseana nyheiten om at dei skipar til ølfestival 20. juni og lovde å koma tilbake med kva klasse heimebryggarane kan konkurrera i.

– No har vi, med god hjelp frå Vestbrygg og den lokale ølentusiasten Tarjei Skeie, satt om rammene rundt konkurransen.

– Det blir ei klasse, nemleg «sommarøl», fortel Berit Steen som er glad ho har fått med seg Skeie som ein ressurs.

– Han har vore med på dette før og er ein dyktig kar som nyter stor respekt i det etablerte ølmiljøet.

Lyst og lett

Tarjei Skeie, som mellom anna har vore dommar i fleire andre tilsvarande kåringar, forklarar kva som kan omfattast av klassa.

– Sommarølet skal vera lyst og lett.

– Det skal vera reint, fint, leskande og gå fint til sol og shorts .

– Alt frå ymse typar pale ale via kveiteøl og weisen til leskande pilsner passar fint i den kategorien.

– Du har òg lyse engelske bitter som naturleg høyrar med, forklarar ølentusiasten.

Berre å starta brygginga

Påmelding til konkurransa kan ein gjera ved å senda ein e-post til post@oseana.no.

– Ein treng berre skriv at ein vil vera med, oppgi namn, e-post og telefonnummer.

– Så er det berre å gå i gang med produksjonen om ein ikkje skal ut på ski i påsken.

– Kostar det noko å vera med?

– Ja, det er ei lita deltakaravgift på 100 kroner for å dekka noko av administrasjonskostnadane og juryeringa.

– I veke 22 skal ein levera inn tre flasker 0,33 med ølet ein har produsert og som ein vil få vurdert.

– Ein fagjury av godt røynde folk vil så vurdera ølet.

– Om responsen blir så god som ting kan tyda på ut frå tilbakemeldingane vi har fått sidan vi gjekk ut med at det blir ølfestival, så vil det blir innleiande runder, med ei finalerunde på sjølve ølfestivalen, forklarar Steen, som lovar premie til dei tre øvste plassane.

Mikrobryggeria er med

Ikke berre frå heimebryggjarane har responsen vore god. Også frå dei meir profesjonelle mikrobryggeria er tilbakemeldingane gode.

– Den har vore veldig god.

– Vi har invitert mikrobryggerier frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

– Så langt har rundt 10 mikrobryggeri meldt tilbake at dei vil vera med.

– Smaksprøveglassa er satt i bestilling, så det er berre å gle seg, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.