Lokal | 18. jan. 2018

Prøvde å bløffa seg inn i hus

– Då dei sa dei hadde snakka med naboen blei eg skeptisk.

Prøvde å bløffa seg inn i hus
Illustrasjonsfoto. Mannen på bildet har ikkje noko med denne saka å gjera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. jan. 2018 21:22

I førre veke gjekk politiet ut og åtvara mot falsk inspektør etter at ein mann hadde invitert seg sjølv inn til eit eldre ektepar for «å sjekka røykvarslarane».

Ekteparet sleppte ikkje inn mannen, som var mørkkledd i noko som likna ein uniform.

Fleire innbyggarar i Bergen har fortalt om liknande falske brannmenn, og Bergensavisen fortel (abo) at to av dei var seljarar frå Sector Alarm, og at leiinga ville ha seg ein alvorsprat med desse.

No fortel ei kvinne frå Os at ho, før jul, fekk besøk av to menn som sa dei var frå Sector Alarm, men der ho reagerte på måten dei oppførte seg.

– Dei ville veldig gjerne koma inn, men eg sa nei. Då sa dei at Sector Alarm skulle kopla saman alle alarmane i Os til éin sentral, at dei derfor måtte få koma inn.

Kvinna bur i eit nabolag nær Hatvik.

– Då dei i tillegg sa at dei hadde snakka lenge med naboen, då reagerte eg, for det er mora mi, og ho var innlagt på sjukehus, så ho hadde dei neppe snakka med.

Sector Alarm: Treng informasjon om tid og stad

Kommunikasjonssjef i Sector Alarm, Sissel Eckblad, stadfestar at dei har hatt seg ein prat med dei to aktuelle som var i Bergen.

– Dette har vi tatt på alvor. Vi sel tryggleik, då må vi og framstå på ein måte som skaper tryggleik.

• TV2: «Falsk vekter» i Telemark var seljar frå Sector Alarm

Eckblad ber om forståing for at ho treng informasjon om tid og stad for å svara på om dei to som var i Os i førre veke, og før jul, var frå Sector Alarm, eller om dette er andre personar, nokon som har misbrukt Sector Alarm sitt namn.

Dei to blir skildra som menn i 25-30-årsalderen, der den eine var kraftig, hadde vannkjemma hår og snakka nordnorsk. Den andre var meir stille og heldt seg i bakgrunnen.

– Vi i tryggleiksbransjen har våre etiske retningslinjer å gå etter, utarbeidd i samarbeid med NHO og konkurrentane våre. Dei inkluderer blant anna bruk av synleg ID-kort og uniformert antrekk, ikkje berre hos vektarar, men òg seljarar.

– Stemmer det at de har samankopling av alarmar i Os?

– Nei. Om vi hadde hatt tekniske oppdrag heime hos oss, så ville kundane blitt kontakta skriftleg i god tid før vi kom.

– Korleis kan folk vera trygge på at dei som kjem på døra faktisk representerer den dei seier?

– Er det eit alarmselskap så skal vedkomande ha ID-kort synleg, og i tillegg ha antrekk med firmalogo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.