Rekordlangt tog
Video: Rekordlangt 17. mai-tog på Os med barnehager, skuler, russ og frivillige organisasjoner. Det er lenge sidan så mange russ har vore på sjukeheimen.
Bildeserie:
Då 17. mai-toget i Os sentrum starta litt før klokka 12 fredag kom det nokre få dråpar frå oven, uten at det la ei dempar på stemninga.
– Eg trur dette må vera eit av dei lengste toga som har gått på Os, fortalde 17. mai-general Kjetil Osablod Grønvigh då toget vel hadde kome fram til Kyrkjeflaten.
Ekstra kjekt var det at svært mange av russen tok utfordringa med å gå frå Irisgården og opp på sjukeheimen.
– Sjølvsagt må dei som bur på sjukeheimen også få vitjing av russen, smilte russepresident Margit Hilland Lærum då Midtsiden snakka med ho eit par dagar før nasjonaldagen.
Nytt i år var at toget starta på grusbanen mellom kyrkja og ungdomsskulen. Litt problem blei det då fire bilar forvilla seg inn Giskavollen i det fronten på toget kom ut frå grusbanen, men lensmann Rasmus Dalen tok raskt grep og løyste opp i utfordringa.
Smil og latter
At folk koste seg i varmen var det liten tvil om. Smila satt laust både på dei til fots og dei som presenterte seg gjennom køyrety.
– Eg har inntrykk av at det meste gjekk greitt, også med køyretya, seier Grønvigh.
Berre ein av russebilane tok kvelden før Buggegarden var passert, noko som må vera noko i nærleiken av rekord.
Midtsiden kjem tilbake med meir frå krinsane og kyrkjeflaten.
Video: Sjå klipp frå toget og swingklubben svinga seg til Eirik Søfteland si "Gonna go my Way" (foto: Andris Hamre/Midtsiden)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.