Havnechefen fekk møblane i går kveld, Hanne's får møblar på plass tysdag ettermiddag. (Foto: KVB)

Rigga for godvêrsdagar

Ein ny takterrasse og ein ny uterestaurant står klare langs ruta til årets 17. maitog i Os sentrum.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei to nye serveringsstadane i Os, som begge opna siste helga i april, har i dag blitt utvida med fleire bord utandørs.

Hos Havnechefen var det i går dugnad for å få ni paller med utemøblar opp på takterassen, hos Hanne's Konditori og Musikkbar sto nybygd terrasse klar i går.

Hovudprosesjonen i Os 17. mai går i år, etter Finnebrekka og Lurane, over brua og inn Brugata, forbi både Hanne's og Havnechefen, på veg forbi Nordisk Rom til Telthuskvartalet og Kyrkjeflaten.

• Meir om feiringa og programmet for 17. mai i Os

Får 24 sitjeplassar på fortauet

Hanne's Konditori og Musikkbar har fått ein god start. Hyllene med brød og kaker blir tømt på dagtid, tappetårnet for køyrd seg mens det er levande musikk i helgene.

No er fortauet utvida og uteserveringa kjem på ytste del, sånn at gåande framleis går langs husveggen, mellom kafeen og gjestane som sit ute.

– Møblane kjem i ettermiddag. Vi får i første omgang seks bord med fire stolar til kvart, fortel Hanne.

Med 90 plassar på taket

Havnechefen, som frå før har 48 plassar inne og 92 utandørs på gateplan, auka med heile 90 sitjeplassar på takterrassen.

– Allereie opningsdagen fekk vi mange bordbestillingar på taket. No er vi veldig glade både for at det blei ferdig og for at det er meldt fint vêr, seier Reidun Vasby.

Takterrassen har uansett parasollar som dekkar om lag heile taket. Det er både trapp og heis opp til taket, som òg har eigen bar.