Sport | 27. juni 2014

Sander skåra igjen!

I førre kamp sette han inn sitt første for A-laget, i dag blei Sander Fagerbakke Kvittingen (18) matchvinnar for Os i ein thriller av ein heimekamp mot Øystese.

Sander skåra igjen!
Erik Kanestrøm (t.h.) og publikum i hundre etter at Sander redda dagen på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. juni 2014 21:28

Bildeserie:

Dette skotet gjekk rett i nota eitt minutt ut i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dette skotet gjekk rett i nota eitt minutt ut i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer Olsen er tilbake frå skade og brukte 17 minutt på å skåra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer Olsen er tilbake frå skade og brukte 17 minutt på å skåra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Erik Kanestrøm snudde seg unna to motspelarar og auka til 3-0 minutet før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Erik Kanestrøm snudde seg unna to motspelarar og auka til 3-0 minutet før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystese reduserte og utlikna. Her set dei inn 3-1 to minutt etter pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystese reduserte og utlikna. Her set dei inn 3-1 to minutt etter pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sjanse til Kanestrøm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sjanse til Kanestrøm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Keeper redda så vidt dette langskotet av Håkon Kvittingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Keeper redda så vidt dette langskotet av Håkon Kvittingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så nær var Sander å setja inn 5-3. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så nær var Sander å setja inn 5-3. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

Os, som har vore svake på bortebane i år, overraska med 3-2-siger over serieleiar Sotra på bortebane i førre runde.

I dag var Os nær på å gjera det same som dei har gjort i to andre heimekampar, skåra tre mål, men dela poeng med gjestane.

Os - Øystese 4-3 (3-0)
Målskårarar, Os: Stian Lunde (1.), Christer B. Olsen (17.), Erik Kanestrøm (44.) og Sander F. Kvittingen (85.).
Os (4-3-3): Frode Øvredal - Stian Bakke, Børge Borgen, Dani Bergstø, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Håkon Kvittingen, Mats Lepsøe (Anders Kinden 81.) - Mats Cato Moldskred, Erik Kanestrøm, Christer Olsen (Sander Kvittingen 81.).

Os fekk ei knallopning då Stian Lunde, etter å ha fått ein pasning frå Kanestrøm, fyrte inn 1-0 frå nesten 30 meter.

Kanestrøm var flytta frå midtbane ut på venstrekant og han og høgrekant Mats Cato Moldskred hadde fleire innlegg til kvarandre i begge omgangar utan at det blei skåring av det.

Men etter at Christer Olsen glei inn eit innlegg frå Moldskred til 2-0 i 17. minutt var det Kanestrøm sin tur. Frå midten av 16-meteren, omringa av 2-3 motspelarar, snudde han seg rundt og sette inn 3-0 eitt minutt før pause.

– Eg er veldig nøgd med førsteomgangen. Vi produserer mykje og har full kontroll, seier Os-trenar Jørn Vegard Berge.

– Vi framsto ikkje slik vi ønskjer, vi mangla intensitet og tempo, trass i at vi visste at Os har fleire giftige angrepsspelarar. I mine auge var dette ein 0-0-omgang, alle måla til Os skulle ville vi ha hindra om vi var på, meiner Øystese-trenar Erling Fykse.

Frå 3-0 til 3-3

Øystese sto høgt også i første omgang, og hadde eit frispark og eit innlegg det nesten blei skåring av. I andre omgang opna dei hardt og reduserte to minutt ut i omgangen.

Os var heldige som ikkje fekk fleire mål imot dei første ti minutta. Børge Borgen hadde ei redning på strek og Øystese hadde ei rekke cornarar.

– Vi blei redde og stressa då dei skåra. Det skal ikkje skje, det skal ikkje gå an å ta igjen 3-0, meiner Moldskred.

Os blei stort sett liggande lågt, men skapte likevel ganske mykje etter 3-1-skåringa. Men gjestane skåra igjen, først i 71. minutt, så på eit slapt skot to minutt seinare, som Øvredal hadde kontroll på, men som ein forsvarsspelar på Os hadde eit mislykka forsøk på å klarera. Det sto 3-3.

Nesten trippel-Kvittingen

Både Kanestrøm og Lunde skåra i førre kamp og i dagens kamp. Det gjorde også Sander Kvittingen. Først fyrte storebror Håkon av gårde eit skot frå 40 meter som keeper så vidt klarte å klaska til corner.

Så kom Sander, som blei byta inn i 81. minutt, og fekk eit fint tilbakespel frå Dani Bergstø ved dødlinja og banka inn 4-3 i 85. minutt.

Dei som trassa regnet og fekk med seg fyrverkeriet på Kuventræ i kveld jubla letta med nevane i vêret. 4-3 sto seg kampen ut.

Både Moldskred og Kansetrøm sendte mange god innlegg i boks i dag, og Sander var nær på å auka til 5-3 før slutt.

Utvising

I forkant av 4-3 hadde Øysese fått utvist ein spelar, Sebastian Skåre fekk sitt andre gule kort då han kom innpå banen igjen utan løyve frå dommar.

– Vi gav beskjed til dommar, men venta ikkje på signal. Eg hadde ein prat med dommaren etterpå. Eg synest det var strengt dømt og eg trur vi lærte noko i dag begge to, seier Fykse.

– Os var effektive i første omgang, då vi var svake. I andre omgang var gutane mine knallgode, men Os har ein veldig sterk keeper.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.