Sport | 16. feb. 2016

Signerte keeperkjempe frå Øystese

Morten Madsen Skeie (23) har slengt seg inn i kampen om å bli Os sin førstekeeper.

Signerte keeperkjempe frå Øystese
Morten Madsen Skeie, her i hardtrening leia av Vidar Bahus måndag kveld, har nyleg signert med Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. feb. 2016 10:27

Os har signert keeper Morten Madsen Skeie frå Øystese. Skeie debuterte for A-laget til Øystese som utespelar då han var 16 år, men har sidan 2010 satsa for fullt på å halda buret reint.

Skeie, som fyller 24 år i år, er ein ruvande målvakt på over 1,90 meter.

– Han har stor rekkevidde og er god med beina, seier spelarutviklar og A-lagsspelar Endre Brenne i Os Fotball.

Brenne, som er frå nabobygda Strandebarm, kjenner Morten frå før.

– Morten er ein ambisiøs type og vi er glad for at han kom til Os då han var på jakt etter forandring.

Fire keeperar på to lag

I fjor sommar kom den amerikanske keeperen Andrew Todd inn og styrka Os sin stall.

Todd, som studerer ved NHH i Bergen, speler for Os også i 2016.

Saman med Frode Øvredal og Kasper Færøvik, som er junior, men har spelt senior dei siste åra, har Os no fire keeperar til dei to beste seniorlaga sine, Os i 3. divisjon og Os 2 og 4. divisjon.

– Situasjonen på keepersida er no veldig god. Det vil bli tøff konkurranse mellom desse fire, men det trur eg dei vil takla bra, seier Brenne.

Midtsiden samleside: Fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.