Signerte med Lysekloster
Ken Joar Føyen blir med og styrkar Lysekloster i ny divisjon.
Angrepsspelar Ken Joar Føyen (22) har signert toårskontrakt med Lysekloster.
Føyen var ein av dei nye spelarane Lysekloster testa i treningskamp 2. februar, og den einaste av desse som har blitt aktuell.
Han var med og rykte opp til 2. divisjon med Stord for nokre år sidan og har seinare spelt for Sogndal 2 før han no går frå Solid til Lysekloster.
Få nye etter opprykket
Utanom comeback av Steffen Finsådal og keeper Ole Christian Olsen frå Gneist tidlegare i vinter er Føyen første nysignering etter opprykket.
– Vi har vore mest opptatt av å halda på flest mogleg av dei som spelte mykje i haust, og vi har klart å halda på alle, seier trenar Ørjan Sandal.
Av spelarar som ikkje er med Lysekloster i år er Preben Skorpen (har lagt opp), Johannes Jordal (var skadd i fjorårssesongen), Øystein Takle Eide (tilbake til moderklubben Os) og keeper Kjetil Hansen (Varegg).
Midtsiden samleside: Lysekloster fotball
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.