Sport | 19. juli 2016

Skal jogga frå Modalen til Voss

Klas Færøvik skal løpa med «desert runner» Ole Norstad på ein aldri så liten tur i Stølsheimen.

Skal jogga frå Modalen til Voss
Klas Færævik og Ole Norstad ved avmarsj i 12-tida i dag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juli 2016 10:49

Bildeserie:

Klas har pakka mat og ein lett sovepose, men inga langbukse. (Privat foto)
Klas har pakka mat og ein lett sovepose, men inga langbukse. (Privat foto)
I luftlinje ser det sånn ut, men Klas og Ole skal løpa mot Myrkdalen før dei svingar sør til Voss. (Google Maps)
I luftlinje ser det sånn ut, men Klas og Ole skal løpa mot Myrkdalen før dei svingar sør til Voss. (Google Maps)
1 av 2
Klas har pakka mat og ein lett sovepose, men inga langbukse. (Privat foto)
I luftlinje ser det sånn ut, men Klas og Ole skal løpa mot Myrkdalen før dei svingar sør til Voss. (Google Maps)

Klas Færøvik frå Opptur Motbakkeklubb har nettopp blitt køyrd til Modalen med bil saman med Ole Norstad. Dei to er no på veg 400 nærmast loddrette meter som starten på ein ein løpetur til Voss.

– Det var Ole sin idé! seier Klas mens han et ein god frukost tysdag morgon.

Norstad, som har budd i Nordstrøno i mange år og har hytte på Drange, er ein erfaren langdistanseløpar og har blant anna gjennomført noko som tilsvarar seks maraton - i ørken!

«Han er en løper som kan få New York maraton til å virke som en søndagstur» skreiv VG etter at Ole i 2014 sprang 250 km langt ørkenløp i Sahara.

Året før sprang han Atacama-ørkenen i Chile, i 2015 var han nær på 4. plassen i Gobi-ørkenen, men landa på 11. plass.

Er usikker på distansen

Klas er usikker på distansen, men var innom jobb og printa eit kart på veg til Modalen i formiddag.

– På turkarta eg har sett på til no, i forsøk på å finna distansen i ruta Ole har lagt opp til, så er det ein blanding mellom kilometer og timar gåing som er nevnt.

– Eg veit ikkje kor langt det er, men vi skal ha retning Myrkdalen for så å svinga sør til Voss. Vi er førebudde på å bruka tre dagar, at det blir 4-5 mil for dagen, men det kan òg gå kortare tid.

Eit turløype stipla opp i Google Map viser ei rute som er 71,2 km lang og tar 17,5 time å gå. Men det er ikkje denne ruta , gjennom dalane, Klas og Ole skal ta.

Har pakka mat og fiskestang

– Kvifor takka du ja til turen?

– Eg liker å løpa å fjellet og har lyst på opplevinga. Det blir nok tid til litt kos òg, eg har i alle fall fiskestang med.

– Og så har eg lyst til å kjenna kva kroppen toler av lange løp dag etter dag.

Færøvik har òg pakka mat, 3000 kalorier per dag, men har ikkje «spandert vekt» på å ta med ei langbukse.

– Eg løper i shorts uansett, så eg er litt spent på vêret.

Gutane har med seg sovepose, men ikkje telt. Ruta er lagt opp så gutane skal koma fram til Turistforeningen sine hytter kveld etter kveld.

Les òg: Ultraløpar Thomas Andersen frå Os sprang Bergen-Voss (april 2014).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.