Lokal | 10. mars 2014

Skal teikna nye Osøyro

Tre arkitektkontor er i gang med å teikna nye fasadar, tak over fortau og eige "signalbygg" på torget.

Skal teikna nye Osøyro
Tre arkitektkontor kjempar no om å få teikna nye fasadar og nytt bygg på torget i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mars 2014 13:44

Bildeserie:

Bydraget er mert med rosa. (Skisse: Asplan Viak)
Bydraget er mert med rosa. (Skisse: Asplan Viak)
Før valet i 2011 viste Frp denne skissa for nytt bygg på torget.
Før valet i 2011 viste Frp denne skissa for nytt bygg på torget.
1 av 2
Bydraget er mert med rosa. (Skisse: Asplan Viak)
Før valet i 2011 viste Frp denne skissa for nytt bygg på torget.

I samband med prosjektet Liv på Øyro har Os kommune fått utarbeida ein stads- og moglegheitsanalyse for Osøyro.

Les òg: Slik kan Osøyro bli og Stor interesse for Osøyro

I tråd med planen har Os kommune lyst ut ein arkitektkonkurranse for delar av Øyro, Bydraget frå den gamle brannstasjonen til det gamle bankbygget.

– Vi starta med denne delen fordi Bydraget er ein av dei mest sentrale delane i Os sentrum, og fordi Bydraget har få huseigarar og derfor kan bli lettare å gjennomføra, seier ordførar Terje Søviknes.

Konkurransen er i gang

Arkitektkontora 3RW, OG Arkitekter og Asplan Viak, som også forma moglegheitsanalysen, deltar i konkurransen.

I førre veke var dei på synfaring, innan fredag 11. april skal dei levera sine tankar og skisser for Bydraget.

Nytt hus på torget

I konkurransegrunnlaget ligg blant anna desse punkta:

• Utarbeiding av samla utomhusplan for ”Bydraget”, Os Brannstasjon – Bankbygget/Oselva
• Utarbeiding av delplanar/framlegg til glasoverbygg langs fortau med reglar for fasadevindauge i 1. etasje.
• Allmenningen m/grøntstruktur, bymøblar og sykkelparkering
• Opparbeiding av område v/elvekanten, Oselvo (mellom Bankbygget og Oshjørnet)

Det skal også teiknast eit "signalbygg" på torget, eit bygg eigna for "servering, turistinfo/visningsrom, leik (ute/inne) og overbygd areal for torghandel".

Før valet i 2011 kom Søviknes med eit innlegg "Liv på Øyro - ein visjon", der nettopp eit slikt bygg var teikna inn på torget.

Spleiselag?

– Kva blir neste steg, når forslaga er levert og vinnar er kåra?

– Då skal vi rekna ut kostnadane på oppgraderingane, og så skal dette inn i budsjettprosessen i Os kommune, eventuelt opp som eiga sak.

Søviknes seier han ser for seg at Os kommune tar delar av kostnadane, men ikkje alle.

– Tak over fortau og eventuell endring av fasadar er det naturleg å gå i dialog med huseigarar på. Medan andre delar er naturleg for Os kommune å ta kostnaden med.

– Kor mykje kan det bli aktuelt for Os kommune å bruka på Bydraget?

– Sum er førebels ikkje diskutert. No skal det i første omgang bli spennande å sjå kva vi får inn av idear og løysingar, seier ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.