Lokal | 09. juli 2013

– Skulle gjerne blitt i Os litt til

Fredag blei det kjent at kommunalsjef Ingvar Torsvik har fått ny jobb, noko rådmannen ikkje visste før det sto i avisa.

– Skulle gjerne blitt i Os litt til
Ingvar Torsvik. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. juli 2013 09:57

Fredag blei det kjent at Ingvar Torsvik, som sidan september 2008 har jobba som kommunalsjef i Os kommune, frå 1. januar byrjar i stillinga som generalsekretær i Normisjon.

– Eg veit at Torsvik har søkt andre jobbar tidlegare, så sånn sett var det ikkje overraskande. Men det kom brått på, for vi internt hadde ikkje høyrd om dette før media fekk tak i det, seier rådmann Knut Terje Rekve.

Det var avisa Dagen som fortalte om tilsetjinga. Dei viste til ei pressemelding frå Normisjon.

– Vi har forstått det sånn at Normisjon har kjørt ein lukka prosess på dette, og at aviser som Dagen har prøvd å følga prosessen tett, og dermed var så raskt ute at Torsvik ikkje rakk å varsla oss.

To nye leiarar

Torsvik har, medan han jobba i Os, søkt på stillinga som rådmann i Sandnes, ein jobb han ikkje fekk.

– At eg søkte førte til litt uro på rådhuset, derfor har eg i denne runden med Normisjon venta til ting blei klart, seier Torsvik.

Han skal ikkje ha vore blant søkjarane på stillinga etter Geir Engelsen, ei stilling som gjekk til Paul Manger.

Rekve synest at det no blir litt stor utskifting i leiinga i kommunen.

– Men at Engelsen skulle gå av med pensjon visste vi om, og vi har god tid på oss til å finna erstattar for Torsvik. No håper eg at vi finn ein ny kommunalsjef før Torsvik sluttar, så vi får ei fin overlapping.

Har sett spor etter seg

Rådmann Rekve synest det har vore positivt å jobba med Torsvik desse åra.

– Han har vore sjef for oppvekst og kultur i ei tid der Os har vore i ei formidabel utvikling, særleg innan skule og med innsatsen med skulebruksplanen.

– Torsvik har starta og gjennomført mange gode prosessar og har sett spor etter seg i Os, seier rådmannen.

Skulle gjerne blitt til sommaren

Det er framleis eit halvt år til Torsvik reiser frå Os, likevel skulle han gjerne sett at han kunne vera litt lengre.

Nybygg, tilbygg og oppgradering av fleire skular er i gang, og arbeidet held fram med innhaldet, med kvaliteten i skulen og opplæringa.

– Tida mi i Os har vore fantastisk, med spennande oppgåver og veldig kjekke folk å jobba med.

– Eg skulle gjerne ha blitt her ei stund til, i alle fall til sommaren 2014, så eg hadde fått sett bygningane bli ferdige, særleg den nye ungdomskulen på Nore Neset.

– Men tilbodet var spennande og Normisjon ville ha meg på plass i januar, halvanna år før generalforsamlinga i 2015, så eg får reisa og gjort meg kjent med Normisjon og oppgåvene mine før den tid, seier Torsvik.

Normisjon opererer i 10 ulike land og reiser til blant anna Asia og Cuba ventar Torsvik i den nye jobben.

Blir buande i Sandnes

Torsvik har blitt buande i Sandnes medan han har jobba i Os, lange dagar måndag til torsdag for å få langhelg heime med kona.

Dei to har tre born saman, den eldste er 25 år.

Normisjon har husvære til han i Oslo når han startar i ny jobb, men også frå januar blir det pendling frå Sandnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.