Sleppefest med julestemning
VIDEO: Annveig Fjellstad sin ferske EP "Passing me by" blir godt mottatt. Søndag var det konsert i Os kyrkje.
Med rutinerte musikarar frå Os i ryggen hadde Annveig Fjellstad sleppest for EP-en "Passing me by", med fem låtar på nynorsk og engelsk, i Os kyrkje søndag.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Eg er så glad for at det kom så mange, og at det blei så god stemning i kyrkja denne kvelden, seier Annveig til Midtsiden.
– Og, ikkje minst, for at Tomtom (Thomas Haugland) og Myrna Braza var i salen. Då fekk eg takka han skikkeleg for jobben han har gjort med innspelinga vår.
Søndag fekk vi høyra låtar frå EP-en og eit knippe julesalmar, også ein eigenkomponert julesong. Fjellstad med band fekk ståande applaus.
EP-en kjem for sal på Playcom på AMFI Os.
VIDEO: Sjå stemningsrapport frå konserten i Os kyrkje søndag 18. november. Musikarar: Arne Hernes - bass, Ken Williams - trommer, Knut Vidar Garlid - tangentar, Hallvard Lyssand - trompet og Hildegunn Myre Dale - koring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.