Lokal | 18. juni 2014

Slo opp opne dører

Langdryg kommunal handsaming gjorde at kommunestyret slo opp allereie opna dører då dei kravde aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar.

Slo opp opne dører
Emile Tetlie Brimsholm (H) fekk fleirtal for å innføra aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. juni 2014 07:34

I kommunestyret sitt møte i februar leverte Emil Tetlie Brimsholm (H) ein interpellasjon kor han ba kommunen om å vurdera aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar. Saka blei sendt til Tenesteutvalet for handsaming, før den kom oppatt i kommunestyret tysdag.

Utfordringa var berre at i mellomtida har regjeringa sendt ut ei høringsnotat kor dei fremjar akkurat det same forslaget.

– Sjølv om dette kan sjåast på som å slå opp opne dører, så skal vi hugsa at interpellasjonen blei fremja før høringsnotatet blei sendt ut.

– Difor må vi handsama interpellasjonen slik regelverket krev.

– Då interpellasjonen blei fremja så hadde kommunen ein rett til å krevja arbeidsplikt, men ikkje ei plikt, påpeika varaordførar Marie Bruarøy (H) etter at kommunalsjef Nils Petter Borge hadde orientert om ståa på NAV-kontoret i Os.

Ta systemet, ikkje klientane

Lars Atle Skorpen (Ap) hadde liten sans for framlegget.

– No høyrde vi at dei som har noko å bidra med, gjer det alle saman. Då er jo målet nådd. Vi treng ikkje noko vedtak på dette.

– Dette blir omtrent som om du produserar ein bil. Har du ein produksjonsfeil på bremsene, så kan du ikkje kalla inn alle bileigarane for å læra dei å bruka handbrekket. Då må du kalla inn bilane og fiksa feilen og gå gjennom produksjonslina di for å hindra at feilen oppstår igjen.

– Vi kan ikkje senda eit heilt kommunestyre etter dei som ikkje arbeider. Vi må i ta systemet og sjå om det er ting i forvaltninga hjå NAV som må gjera annerleis.

Forpliktar kommunen

Brimsholm fastholdt forslaget om å innføra aktivietsplikt.

– Det er kjempebra at vi ikkje har mange som ikkje arbeider for sosialhjelpa, men dette er med på å setja ein standard, kor kommunen òg forpliktar seg til å skaffa arbeidsplassar og å setja inn tiltak, påpeika Brimsholm.

Forslaget om at kommunen skal innføra aktivietsplikt, prioritera dei yngste sosialhjelpsmottakarane, men samstundes skjerma dei som av fysiske eller psykiske grunnar ikkje er i stand til å arbeida blei vedteken med Frp og H sine 19 røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.