Lokal | 15. aug. 2014

Smidig løysing for næringsparken

På knappe to dagar har det dukka opp ein ny versjon av Holtbrekka. – Det var ein leigetakar som kom med ideen, fortel Espen Aspenes.

Smidig løysing for næringsparken
På to dagar blei det bygd ein ny, midlertidig veg frå Byvegen opp til Holt og Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. aug. 2014 07:29

Torsdag sto ein ny veg klar frå krysset mellom Byvegen og Holtbrekka, på skrått opp til parkeringsplassen til Os Næringspark.

Byggherre Espen Aspenes har tidlegare i år fortalt om idear om gangbru frå næringsparken over Byvegen, men den nye vegen er ikkje bygd i samband med den nye reguleringa av området langs innfartsåra til Os.

– Det er nok i samband med vegarbeidet i Holtbrekka, der det blir lagt ned nytt nett for vatn og avlaup.

– Når dei no var kome til nedste del, og snakka om både nattarbeid og omkjøring om Kuven, ville vi ha ei anna løysing, fortel Aspenes.

Rask og god omkjøring

Ei omkjøring om Kuven blei ikkje sett på som eigna for leigetakarane, blant anna på grunn av at Kuvenbakken ikkje er godkjent for tungtrafikk, noko leigetakarar som Posten og Os Asvo er avhengig av.

– Ei omkjøring om Kuvenbakken ville dessutan vore ein omveg for mange. Det var snakk om tre veker, men eg fryktar det vil ta lengre tid. Arbeidet lengre oppe i Holtbrekka har jo halde på i fleire månadar.

Sjølv hadde Aspenes sett for seg ein ny, midlertidig veg i nordenden av Os Næringspark, frå området ved frisøren og direkte ut på Byvegen (RV 552).

– Men ein leigetakar kom med ein betre idé, ein idé som dessutan gjorde det mogleg å bygga midlertid veg utan å venta på godkjenning frå vegvesenet.

Ein midlertidig veg frå starten på kommunale Holtbrekka og direkte opp til Os Næringspark blei bygd i ein fei.

– Det tok to dagar så sto vegen der. No kan dei jobba i ro og fred med vatn og avlaup. Den nye vegen skal vekk etterpå, men ser fin ut og vil nok fungera godt anten det er tre eller ti veker dei treng for å bli ferdige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.