Lokal | 24. feb. 2014

– Som ein port til Os

Tanken om bru over Byvegen er ikkje ny. I 2006 serverte Os Næringspark både skisser og sponsorvilje til Os kommune.

– Som ein port til Os
– Ei bru over Byvegen kan få ei hyggeleg birolle, som ein port til Os sentrum, seier Espen Aspenes. (Ill.: ABO plan og arkitektur, 2006)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. feb. 2014 12:39

Bildeserie:

Tverrsnitt av brua. (Ill. ABO, 2006)
Tverrsnitt av brua. (Ill. ABO, 2006)
Os Næringspark kom i 2006 også med forslag om ny kryss-løysing. (Ill. ABO)
Os Næringspark kom i 2006 også med forslag om ny kryss-løysing. (Ill. ABO)
I ny plan er det teikna inn rundkjøring. (Ill.: ABO)
I ny plan er det teikna inn rundkjøring. (Ill.: ABO)
1 av 3
Tverrsnitt av brua. (Ill. ABO, 2006)
Os Næringspark kom i 2006 også med forslag om ny kryss-løysing. (Ill. ABO)
I ny plan er det teikna inn rundkjøring. (Ill.: ABO)

I samband med reguleringsplanen for vestsida av innfartsåra til Os sentrum frå nord er det forslag om gang- og sykkelbru over Byvegen, frå Holtbrekka til Giskavollen.

Les òg: Planlegg gangbru

Tanken om bru over Byvegen er ikkje ny, i 2006 fekk Os kommune tilsendt både skisser, kostnadskalkyle og sponsorvilje til ei liknande bru.

Ein velkomst-port

Initiativtakar til gangbrua var i 2006 eigarane av Os Næringspark.

– Vi ville kopla næringsparken tettare på Os sentrum samtidig som vi gjorde vegen tryggare for fotgjengarar, fortel Espen Aspenes.

– Vi ser også at ei slik bru kan få ei hyggeleg birolle som eit fysisk velkomstmerke, som ein port til Os sentrum.

Prislappen den gong var på sju millionar kroner.

Vilje og uvilje

Aspenes veit ikkje kva som skjedde med ideen og initiativet etter innsending i mars 2006.

– Vi fekk ingen respons og registrerte ikkje noko form for oppfølging.

I plan- og bygningsutvalet var det i førre veke forslag om rekkefølgekrav, som blei nedstemt, og diskusjon om finansiering av brua.

På spørsmål om interessa for bru framleis er like stor, og om det framleis er vilje til å sponsa, svarer Aspenes ja og nei.

– Vi er framleis interessert i gangbru, men viljen til å sponsa er ikkje den same.

– Vi må vera med å betala på ny rundkjøring og vi ønskjer ikkje to rekningar i samband med ny trafikkløysing.

I 2006 teikna ABO for Os Næringspark ei ny kryssløysing. No er det plan om ny rundkjøring i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.