Lokal | 07. mai 2018

Søker etter sakna mann

Politi, luftambulanse, brannvesen, redningshundar og Røde Kors søker etter mann i 50-åra.

Søker etter sakna mann
Luftambulansen har deltatt i søket etter mannen. Politiet gjekk måndag ut med bilde av sakna. Dette har vi no fjerna. (Foto: KVB)
Andris Hamremandag 07. mai 2018 18:03

Bildeserie:

Det er oppretta base i Røde Kors-huset i Kolskogen. (Foto: KVB)
Det er oppretta base i Røde Kors-huset i Kolskogen. (Foto: KVB)
Eit SeaKing helikopter frå hovudredningssentralen blei satt inn i søket måndag kveld (foto: AH)
Eit SeaKing helikopter frå hovudredningssentralen blei satt inn i søket måndag kveld (foto: AH)
1 av 2
Det er oppretta base i Røde Kors-huset i Kolskogen. (Foto: KVB)
Eit SeaKing helikopter frå hovudredningssentralen blei satt inn i søket måndag kveld (foto: AH)

I 18.30-tida sirkla eit helikopter frå Luftambulansen rundt Borgafjellet, klokka 19.35 opplyste politiet at dei har starta leiteaksjon etter ein mann i 50-åra.

Han blei meldt sakna av familien klokka 15.20 i dag, då han ikkje kom heim etter ein fjelltur tidlegare i dag. Turen skal ha starta i Nordmarka i 12-tida i dag.

Søket går føre seg i og rundt Nordmarka og Borgafjellet. Det har òg vore brukt drone i søket. I søket er det òg med seks redningshundar frå Norske Redningshunder og femten frivillige frå Røde Kors.

Skildring av sakna

Politiet har sendt melding kor dei gir nærmare skildring av sakna:

185 cm høg, normal kroppsbygning, 54 år. Han har blå auge og noko kortare hår enn på bildet, som er frå 2011. Då han gjekk heimefrå var han kledd i svart treningsbukse med loddrett, grønn stripe, svart tskjorte og truleg ein svart, tynn treningsoverdel. Han har gullkjede rundt halsen og har truleg på seg ein sekk eller ei rumpetaske. Han har ingen tatoveringar.

Politiet har behov for tips rundt eventuelle observasjonar av sakna. Tips kan rapporterast til: Os og Austevoll lensmannsdistrikt: 47 79 72 38 eller Vest politidistrikt på 02800.

OPPDATERINGAR:

Det er oppretta base på Røde Kors-huset i Kolskogen.

21.30: Eit Sea King-helikopter har kome til Os frå Sola og driv søk over Lyssand og Hjelle.

21.50: Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, fortel til Midtsiden at det no, i tillegg til Sea King, er seks ekvipasjar frå Norske Redningshunder og 30 søkemannskap frå Røde Kors ute i felten.
– Har det kome inn tips i saka dei siste timane?
– Det er mogleg, tipsa kjem ikkje direkte til meg, men det har ikkje kome opplysingar som har ført til endra status. Vi konsentrerer framleis søket om løypa han skal ha gått.

23.00: Turgåar seier dei møtte sakna i 16-tida.

23.50: Røde Kors har folk i terrenget gjennom natta.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.