Sport | 13. mai 2015

Solid Brann-debut av Fredrik Heggland

Etter to sesongar på benken kunne Fredrik Heggland (19) i går endeleg varma opp utan refleksvest.

Solid Brann-debut av Fredrik Heggland
Laurdag var han på benken (bildet), tysdag 12. mai var Fredrik Heggland utan refleksvest frå start for Brann borte mot Haugesund. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mai 2015 08:24

Osingen Fredrik Heggland (19) spelte frå start og heile kampen for Brann borte mot Hønefoss i går.

– Vi reiste til Hønefoss etter trening på Stadion måndag. Tysdag formiddag fekk eg beskjed om at eg starta. Eg har vore på benken ein del, og sleit med skade i vinter, så det var veldig greit å få speletid med A-laget no, seier Fredrik til Midtsiden.

Kampen enda 0-0. Både Norling og spelarane er skuffa over at det ikkje blei full pott, men Heggland er naturlegvis nøgd med at det blei null baklengs i debuten.

Tydeleg nivåforskjell

– Eg har hatt to kampar med Brann 2 i år og sete på benken med A-laget i to kampar. Det er tydeleg nivåforskjell på både 3. divisjon og 2. divisjon, som eg spelte i fjor, og opp til OBOS-ligaen.

– Men eg føler eg har nivået inne og eg håper det blir fleire kampar på meg framover.

– Den beste lagdelen

Unggutane som steppa inn grunna mange skadar i troppen, spesielt bakre trear, får ros av Norling.

– Eg synest dei gjer det «jättebra», dei er den klart beste lagdelen i dag, skryter Rikard Norling, ifølgje Brann.no.

Bergens Tidende gir Fredrik terningkast 5. Det er same karakter som Huseklepp, som blir kalla Branns beste i gårsdagens kamp.

«God i luften, som rekkekameraten med samme navn. Slapp å bli testet så mye, og gjorde en debut han kan være bekjent av» skriv BT.no.

Fleire milepælar

Fredrik Heggland har fått mykje positiv omtale etter at han gjekk frå Os til Brann i november 2012.

Han hamna på B-lista første sesong og allereie i september 2013 var han med i troppen med A-laget for første gong, i Tippeligaen borte mot Vålerenga.

Men midtstopparen, som fyller 20 år i november i år, måtte venta gjennom heile 2014 utan innhopp.

I oktober i fjor fekk han proffkontrakt med Brann og i går, i 8. runde i ny divisjon, fekk Fredrik Heggland endeleg debutera for A-laget til Brann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.