Døsen og Bjoarvik var blant dei som hadde spørsmål til nivåa i avtaleutkastet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spørsmål og svar om spleiselag i sentrum

Os kommune kan ha funne nøkkelen.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag kveld hadde Os kommune møte med grunn- og huseigarane i Os sentrum. Møtet blei halde på Bjørnafjorden Gjestetun, og grunneigarar frå Jordmorsvingen til Irisgården møtte fram.

– Vi hadde 36 påmeldte og 35 kom. Nokre eigedomar var rett nok representerte med meir enn éin, men nokre av dei som ikkje kunne stilla ringte på førehand. Vi vil uansett ha eigne møter med kvar enkelt i etterkant, seier næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.

• Les òg: Kva blei prisen og kven skal betala?

Bakgrunn: Os kommune har forskottert oppgradering av Os sentrum, der delar av oppgraderinga, legging av nytt dekke og montering av baldakiner, er tenkt finansiert gjennom eit spleiselag.

Grunneigarane blir oppmoda om å ta halve rekninga på 27 millionar kroner, altså til saman 13,5 millionar kroner.

I finansieringsløysinga ligg lån med kommunale vilkår og renter, og nedbetalingstid på 20 år.

Årleg kostnad med renter og avdrag er estimert til 14,84 kroner/22,25* kroner per kvadratmeter. *Det er forslag om at dei som har fått ny stein utanfor inngangsdøra si og/eller baldakiner, betaler 1,5 gongar meir enn andre.

Dette er ikkje med i spleiselaget, men blir betalt av kommunen åleine:
• Nye rør i bakken, som blei gjennomført før den nye steinen blei lagt ned.
• Osroso, bygget som Havnechefen leiger
• Bølgjedemparane
• Nytt parkeringshus
• Når nytt p-hus er på plass; ny park framfor rådhuset

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) innleia møtet med å fortelja historikken, frå Liv på Øyro-prosjektet, som starta i 2012, til stads- og mogleheitsanalysen i 2014 og byggestart i sentrum i 2015. Ho viste òg til eit eldre avisoppslag (BT) om butikkdød i Os sentrum, og om ferske resultat, der Os er i noregstoppen innan både næringsetablering og andre kategoriar innan næringsliv.

– Dette grepet i Os sentrum var ikkje noko vi MÅTTE gjera, men som vi valte å ta tak i. Ofte kjem slike initiativ frå næringslivet sjølv. Signala frå grunneigarane var positive før start, og dei er positive også no, etter gjennomføring, sa Bruarøy.

«Kven er det som får som dei fortener når butikk etter butikk i Os sentrum legg ned? Er det huseigarane, dei mange som har sete dønn i ro og no eig dei einaste bygningane i kommunen som blir mindre og mindre verdt for kvart år som går?» skreiv underteikna i denne kommentaren i 2013: Vegen vidare for Os sentrum

Os kommune hadde med seg utkast til avtale. Daniel Skotheim heldt fram med å fortelja om diskusjonane med grunneigar-representantane, forklara avtalen og svara på spørsmål.

Indre og ytre sentrum 

Skotheim hadde før møtet, ved hjelp av kart, estimert både totalt areal og areal per grunneigar. Han var rask med å understreka at det meste truleg var feil, men at det truleg ikkje var langt unna.

Samla sett er det 52.700 kvadratmeter næringsareal i sentrum, i området som inngår i sentrumsplanen.

Av desse er det 11.300 kvm i sentrumskjerna, med grense til Øyro, som no er oppgradert (som i forslaget skal betala 1,5x), og 41.400 kvm i resten av sentrum.

Spørsmål og svar

Deltakarane spurde om både grensene, om det burde vore fleire nivå, og om framtida og eventuell vidareutvikling av areal.

Grunneigarar med planar i Jordmorsvingen og Finnebrekka, Arne Bjoarvik og Bernt Helén, undrast om, viss dei bygger noko som ålmenta har glede av, eller som blir konkurrerande areal med sentrumkjerna, om dette er noko dei i sentrumskjerna skal vera med og spleisa på.

– Det vi håper på er at det som er utført til no er noko alle i heile sentrum, også ytterkantane, har glede av, og at dette løftet er med på å gje auka verdi på dei eigedomane de sit på. Om det skal koma fleire spleiselag seinare, så vil eg tru at dette i så fall blir ordna på førehand, og at det gjerne er eit initiativ frå grunneigarane sjølv.

Espen Aspenes, som saman med broren Knut Jarle har store eigedomar både i ytterkant av sentrum og i sentrumskjerna, undrast kva som vil skje om nokon bygger nytt eller utvidar. Han meiner det er greit om avtalen seier noko om framtidig areal.

– Vi ser for oss at framtidig areal blir invitert med på spleiselaget, men kjem inn som eit tillegg og resulterer i raskare nedbetalt lån. Det er enklast, svarte Skotheim.

Bjørn Døsen synest det burde vore fleire enn to nivå, at det er større forskjell på å ligga rett rundt hjørnet for det nye dekket, slik butikkane i Telthuskvartaket, Brugata og Landboden gjer, enn heilt i ytterkanten, slik Hamnevegen, Holtbrekka og Jordmorsvingen gjer.

– Det kunne vore tre-fire nivå, 1-1,5-2 og 2,5. Dei som har fått dette fine nye rett utanfor døra si, og dei som er nærmaste nabo, har små areal og langt større effekt enn dei i ytterkanten, meiner Døsen.

Skotheim forklarer til Midtsiden, etter møtet, at dette har vore vurdert, saman med grunneigar-representantane (Paul Hans Sælen, Eirik Neverdal og Knut Jarle Aspenes).

– Årsaka til at vi landa på to nivå er at forskjellane blir små med fleire nivå, mens grensene blir kompliserte, ned til diskusjonar på nesten kvart einaste bygg. No er det enkelt, har du ny skifer eller baldakiner utanfor døra di, så betaler du 1,5x så mykje som dei andre. Men alle i sentrum er med.

Os kommune fekk òg spørsmål om det kommunale selskapet Os Bygg og Eigedom er tenkt å delta, og det er dei, på lik linje med dei private.

Slo eit slag for fellesskapen

Brørne Aspenes har store eigedomar i sentrum, både Os Næringspark i ytterkanten og bankbygga i Brugata, delvis med grense til det nye på Øyro, i sentrumskjerna.

Til saman har Aspenes, sjølv om store bygg som Irisgården er medrekna, rundt 23 prosent av næringsarealet i Os sentrum. Det hindra ikkje Knut Jarle i å koma med ei oppmoding.

– Vi var positive før kommunen starta og vi er nøgde med resultatet. Oppgraderinga er positiv både på kort og lang sikt. No håper eg at alle står opp for kvarandre, og er lojale, sa Aspenes, som altså er klar for å betala rundt ein fjerdedel av heile gildet.

På spørsmål frå Midtsiden om kven som skal betala ei komande oppgradering langs elva, den tidlegare omtalte elvepromenaden som kommunen lenge har hatt ambisjonar om, var svaret litt i same gate; eventuelle nye spleiselag blir avtalt på førehand. Ein slik promenade vil ikkje berre ha verdi for næringsarealet til Aspenes langs elva, men kanskje ha eit nesten tilsvarande attraktivitetsløft for sentrum som det nylagte dekket med glastak.

Alt er frivillig - det meste er ope

Os kommune viste til BID-modellen, som både er brukt fleire stadar i verda, frå New York til Lillehammer, men understrekte at dette ikkje er ein vedtatt lov, og at heile spleiselaget i sentrum er basert på at grunn- og huseigarane deltar av eigen fri vilje.

– Vi ønskjer også at alt er ope. Derfor er også pressen invitert til å delta på heile møtet, sa Skotheim.

På spørsmål etter møtet, om kva som skjer om ikkje alle er med, svarer næringssjefen dette:

– Sjølv om stemninga og signala som kom i går var gode, kan vi kanskje ikkje rekna med 100 prosent oppslutnad. Det blir likevel ikkje meir å betala på dei andre, det er kommunen som taper på dei som ikkje er med.

– Vil dette òg bli ope, at det kjem fram kven som deltar og ikkje?

– Enkelte kan ha gode grunnar til ikkje å vera med. Vi vil unngå spesialavtalar, og vi vil gjera det mest mogleg gjennomsikteleg, men vi ønskjer å visa alle respekt, og vil ikkje at nokon skal føla seg pressa eller at dei skal frykta at dei blir hengt ut.

Os kommune hadde ambisjonar om å få avtalane i hamn i løpet av 10-14 dagar, men då det kom innspel om at enkelte ville ha dette opp i styremøte, blei det bestemt å utsetja ambisjonen om dette til jul.

– Men vi ønskjer ikkje at dette skal drøya til ut i januar, understrekte rådmann Christian F. Fotland.