Sport | 14. juli 2016

Startar hausten med éin inn og to ut

Thomas Sandal ser fram til bortekamp laurdag. Lysekloster mister to spelarar før hausten, men får over keeper Øvredal frå Os.

Startar hausten med éin inn og to ut
Steffen Finsådal sluttar i Lysekloster, Frode M. Øvredal går frå Os til naboklubben. Thomas Sandal seier klubben ser etter 1-3 nye spelarar i sommar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. juli 2016 13:39

Lysekloster fekk ein best mogleg innspurt mot den korte sommarferien, med seks sigrar på rad klatra dei frå sisteplass til 5. plass og ligg no berre 3 poeng frå 3. plass i PostNord-ligaen.

Etter 2-0 over Frigg 25. juni var det ferie fram til måndag.

– Gutane har hatt eigentrening, men fri frå ball. Dei var smårustne måndag, men allereie neste økt såg vi betre ut, seier Thomas Sandal.

Han gler seg over at skadesituasjonen i stallen er betre enn før, per no er det ingen som er uaktuelle til neste kamp. Blant anna er Sigve Rørstad tilbake og Christer Olsen er i full trening igjen.

Bortekamp laurdag

Laurdag startar haustsesongen med bortekamp mot Førde, som ligg nest nedst på tabellen.

– Førde er fysisk sterke og har ein god spiss og vi tar på ingen måte lett på dette. No er det viktig å halda fram trenden frå forsommaren, god innstilling var det som skulle til, fotball kan vi frå før.

Får keeper frå Os

Lysekloster ønskjer å styrka stallen med 1 til 3 spelarar når vindauget opnar 21. juli.

– Vi lar Steffen Finsådal gå, truleg går han tilbake til Gneist. Han har spelt lite for oss til no i år og bør få meir tid på banen.

Allereie denne veka fekk Lysekloster på plass ny keeper.

– Mikal Brekke reiser vekk og vi ønskjer å ha tre keeperar, seier Sandal, nøgd med at Frode Moberg Øvredal har valt å gå frå Os til naboklubben.

Frode har vakse opp i Os Fotball og spelt på A-laget dei siste åra. Han har hatt tre kampar for A-laget i år, 8-1-siger i NM-kvalik over NBK, 2-2 mot Gneist og 4-0-siger borte over Øystese.

– Treng forandring

Frode sto heile vårsesongen for Os i fjor, eit halvår der Os var nær innrykk. Så kom fleire utanlandske forsterkingar om sommaren, blant dei den amerikanske keeperen Andrew Todd, som blant anna redda straffe i fleire kampar.

I vinter signerte Os nok ein keeper, Morten Madsen Skeie frå Øystese, samtidig som unge Kasper Færøvik var i storform.

– Kasper var så god i vinter at han burde vore førsteval, spør du meg, seier Frode.

Men så blei Kasper skadd. Det same blei Morten, som framleis ikkje har spelt for Os.

– Er ikkje sjansen større for speletid i moderklubben enn i Lysekloster, som allereie har to keeperar som presterer godt?

– Jau, sånn situasjonen er no så er det nok det. Men ting kan endra seg fort og eg går til Lysekloster for å kjempa om å bli førstekeeper. Eg har framleis ambisjonar som keeper og føler eg treng forandring.

Ikkje alt blir nytt i ny klubb, keepertrenar Ketil Elvenes har drilla Frode før.

– Ketil er både dyktig og morosam, eg ser fram til å møta han igjen. Men eg vil understreka at eg er veldig nøgd med Vidar Bahus som keepertrenar hos Os. Han har lært meg mykje og vi har jobba veldig godt saman.

– Eg kjem til å følgja med på Os utover og ønskjer dei ein god haustsesong, seier Frode Øvredal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.