Lokal | 06. apr. 2011

Startar i juli

I fjor blei det både fiska meir og sett ut meir enn året før, men årets fiske i Oselvo startar to veker seinare enn i 2010.

Startar i juli
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. apr. 2011 07:58

I fjor starta fisket i Oselvo 15. juni, mot 1. juni som det har vore fleire av åra i forvegen. I år startar fisket endå seinare.

– Det er observert bra med smolt, men vi vil likevel redusera fisketida, så vi har sendt inn forslag om start 1. juli og fiske fram til 15. september, og berre éin art per fiskekort, sa leiar i fiskeutvalget i Os Jakt- og Fiskelag, Einar Sørstrønen i samtale med redaksjonen i førre veke.

I går kom fylkesmannen med årets fisketider, og dei blir som i forslaget frå utvalet.

Laks eller tert

I 2010 var det lov å fiska éin laks, éin tert (laks under 3 kg) og éin ørret per kort, i år har OJF foreslått å berre gje løyve til å fiska éin art, altså laks ELLER tert i tillegg til en ørret.

I fjor blei Oselvo stengt for fiske etter villaks frå og med 23. august.

Det var framleis lov å fiska ørret og oppdrettslaks, men villaksen skulle ut igjen. Det blei tatt opp mykje oppdrettslaks.

Først og størst i 2010

Før elva blei stengt var det fleire som fekk fine fangstar på land. Kjell Olsen tok årets Oskar 13 dagar etter opningsnatta, ein villaks på 3,9 kilo. Olsen tok også årets største, ein oppdrettslaks på 8,0 kilo.

Blant andre med fiskelykke i fjorårssesongen finn vi Kjell Morten Søvik (7,9 kg, oppdrett) og Svein Hansen og Bård Lyssand med kvar sine på 7,7 kg, også det oppdrettsfisk.

• Til sammen blei det tatt opp og avliva 502 kg laks i Oselvo i 2010, mot 228 kg i 2009.
• Det blei sett ut igjen 83 kg, mot 32 kg i 2009.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.