Kultur | 16. jan. 2014

Starten på nye band?

Os Rockeklubb startar gitar-, bassgitar- og trommekurs. – Forhåpentlegvis er det starten på nye band i Os Rock City, seier Kjetil Osablod Grønvigh.

Starten på nye band?
Paul Inge Vikingstad, Jonny Berven og Kjetil Osablod Grønvigh er klare for å starta rockeskule i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. jan. 2014 08:17

Rockeklubben har allereie eit samarbeid med BRAK om å arrangera fleire kurs utover våren, mellom anna eit studiokurs i mixing av musikk.

– Då vi søkte om, og fekk KUP-midlar i haust, så var jo det for å gje eit supplement til kulturskulen.

– Under UKM i Oseana høyrde eg Second Circuit som berre var heilt råe.

– Det viste seg at dei hadde starta kvar for seg med individuelle timar hos Jonny Berven, og etterkvart kome samen som eit band.

– Eg blei etterkvart klar over at Jonny hadde flytta til Os og tok kontakt for å sjå på om vi kunne starta tilsvarande undervisning i Osbygda, fortel "rektor" Kjetil Osablod Grønvigh i Rockeklubben.

Ein til ein i musikkbingen

Berven har vore freelancemusikar i ei årrekke og budde på 90-talet saman med bandet i Danmark før han flytta heim til Noreg og tok ei formell utdanning på Hamar.

– Eg er oppvaksen i Loddefjord og har drive med musikk heile livet.

– Med unnantak av klassisk har eg vori borti det meste av sjangrar, fortel Berven.

– Det er eit viktig poeng for oss. Undervisinga skal vera eit meir eller mindre sjangeruavhengig lågterskeltilbod.

– Vi legg undervisninga til musikkbingen på Os og legg opp til individuell undervisning, supplerer "studieinspektør" Paul Inge Vikingstad.

Notefritt og lite teori

Musikklæraren fortel at det blir lite teori og noter i undervisninga.

– Opplegget eg har sydd saman baserar seg på at elevane så tidleg som mogleg i undervisninga skal meistra å spela to tre-greps låtar.

– Difor blir det lite notar og teori i byrjinga. Det får koma på eit eventuelt vidaregåande kurs.

– Det viktigste er meistringa, gleden med musikken, og at dei får ei forståinga for kva som skal til for å bli ein god musikar, forklarar Berven.

Basisen i eit band

Dei tre fortel at dei startar med undervisning i gitar, bassgitar og trommer.

– Då har vi basisen i eit band. Etterkvart vil vi òg koma med vokal- og tangentkurs, seier Vikingstad.

– Håpet er jo at nokre av elevane gjer som Second Circuit, finn kvarandre og startar å spela saman. Vi har plass til fleire band i Os.

– Eit konkret mål er jo at dei skal få spela konsert og inn låtar i studioet i allakten. Gjerne då med støtte frå nokre av dei som har gått på studio- eller arrangørkursa til BRAK.

– Fasilitetane har vi jo, så det handler berre om å gje dei sjansen, smiler Grønvigh.

– Kva med dei som ikkje har eige instrument då?

– I og med at vi skal nytta musikkbingane har vi òg utstyr til utlån, så det skal ikkje vera eit hinder.

– Det er berre å ta kontakt om du er interessert. Kursa er for born og unge frå 10 til 18 år, avsluttar Kjetil Osablod Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.