Kultur | 11. des. 2013

Stemningsfull julekonsert

Video: Med Fonos i eit fullsett Oseana. – Takk for ei fantastisk oppleving. Eg må få gje deg ein klem.

Andris Hamreonsdag 11. des. 2013 08:54

Det trengs ikkje nasjonale stjerner for å levera fullsett hus og stor konsertoppleving. Det held lenge med Fonos, i allefall når dei leverar som dei gjorde i halvannan time tysdag kveld.

Her kom gamle og nye juleklassikarar på rekkje og rad, ispedd eit glimt i auge og julens bodskap. Fekk du ikkje billettar til tysdagens konsert, er det berre å vera om seg. Onsdag held dei ekstrakonsert kor alle inntektene går til flomofra på Filippinene. Allereie er det seld over 250 billettar.

– Det var ei utruleg oppleving. Eg er så stolt over koret og så audmjuk ovanfor publikum som ville vera med oss, fortalde dirigent Stine Kobbeltvedt etter konserten.

– Fantastisk, eg må få lov til å gje dei ein klem, bryt ein publikummar inn medan Midtsiden står å pratar med Kobbeltveit.

Det er tydleg at konserten, reportoaraet og stemninga fell i smak.

Historieforteljing og song

Du treng ikkje vera kristen for å ha gleda av ein julekonsert med Fonos. Her gjev dei deg rom for ei god musikkoppleving og eit pusterom i ei travel førjulstid.

Mykje av reportoaret er av det du vanlegvis høyrer i kyrkjerommet, men Kobbeltveit si sammensetning av låtar og arrangement gjer at overgangen til storsalen i Oseana går smertefritt, sjølv dei varaste melodiane som "I denne søte juletid" og "Mitt hjerte alltid vanker" fyller rommet til dei ytste krokane.

For underteikna blei framføringa av juleevangeliet den store opplevinga.

Javel tenke eg, dei må vel ha det med på ein julekonsert, og såg for meg den tradisjonelle framføringa av teksten, omlag slik som du høyrer den frå prekestolen juleaftan.

Snakk om å løfta bodskapet i ei ny drakt, vart og vakkert tonesett med ei øm og mild forteljarstemme.

Då kom julestemninga til underteikna òg. Kan de ikkje vera så snill å ta den tolkinga med heim til Os kyrkja og la oss få høyra den også på juleaften. Den er for fin til berre å bli framført to gonger i Oseana, for eg reknar med de har den med dykk også onsdag kveld.

Video, 5:16: Sjå og høyr smakebitar frå konserten nedanfor (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.