Stemningsfullt i Os kyrkje

Video: Det er søndag kveld, og ei fullsett Os kyrkje får mata inn julestemning gjennom lokkande tonar.

Av: Cathrin Valestrand

Medleyen Winterwonderland sparka det heile i gang, då Nornekoret inviterte til julekonsert søndag. Kjende og kjære julemelodiar, både norske og amerikanske trollbatt heile publikum. Også nokre nyare, som til dømes Stjernesludd, hadde funne vegen inn i repertoaret. Dirigent June Strømnen avslutta på meisterleg vis første sekvensen som solist på «Go tell it on the mountain».

Magi 

Flinke solistar og lun stemning gjorde det heile magisk. Magien vart heller ikkje svekka då blankpussa messig overtok rampelyset. Bergen Brass Band med gjestedirigent Karl Ove Midtbø starta med ein fanfare «Valenius Entrada», hovudsakleg frå galleriet før dei benka seg framme i kyrkja. Der heldt dei fram med stykker som var gælisk-inspirert, og meir tradisjonelt Joy Webb inspirert, før dei avslutta med «Shine as the light», og sende ballen attende til Nornekoret. 

Dei heldt fram som dei byrja, med go'klassikarar som «Nå tennes tusen julelys» og «Have yourself a merry little Christmas».

Samla kreftene

Mot slutten av konserten slo dei seg saman Nornekoret og Bergen Brass Band. Då vart publikum invitert med i allsong. Dei spelte også «En stjerne skinner i natt», så mektig og flott at truleg fleire publikumarar fekk frysningar nedetter ryggen. 

Som avslutningsnummer har Nornekoret fast tradisjon for å syngja «Deilig er jorden». Ein song som tydeleg rørte mange i publikum. Alle reiste seg og song med, og ståpelsen var eit faktum.

Alt i alt ein vakker og stemningsfull start på adventstida.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.