Kultur | 12. feb. 2012

Stilsikker suksesskvinne

Fredag fekk og ho kulturpris og spelte i Bergen. I dag feirar ho sin eigen dag. Møt Maya Vik.

Stilsikker suksesskvinne
Gratulerer med dagen Maya Vik (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 12. feb. 2012 08:58

Stil-ikon, Pop-princesse, Noregs kvinnelege svar på Prince. Lovorda har vore mange for Maya Vik det siste året. Søndag feirar ho nesten rund dag, men alderen den fekk Midtsiden ikkje lov å røpa. Ein skal jo som kjent ikkje spørre ei kvinne om alderen.

Under utdelinga av Os kommune sitt kulturstipend tok ei ellers hektisk dame seg god tid til lokalmedia.

- Korleis har det siste året vore?

- Hektisk..., gøy..., spennende..., kjem det på rams.

Fantastisk mottaking

Samstundes med at ho har reist land og strand rundt med Monteé har ho fått tid til å gå i studio med sitt eige prosjekt “Château Faux-Coupe”. Ei plate mottatt med den eine femaren etter den andre.

- Korleis er det å oppleve ein slik suksess?

- Terningene speler jo eigentleg ingen rolle, men det er klart det er stas når gratulasjonar tikkar inn på telefonen lenge før eg sjølv har fått lest anmeldingane.

- Platesleppet var jo like mykje eit kunstprosjekt med ei utstilling som eit plateslepp.

- Det er klart det var mykje arbeid og stress med utstillinga, så då den var var vel i hamn så var eg eigentleg så fornøyd at eg ikkje tenkte på at det òg skulle kome anmelidngar av plata, seier lysluggen med eit smil.

Image viktig

Maya flytta til Oslo for omlag 11 år sidan. Der har ho bygd opp ei karriere, først med Furia, deretter Monteé og no som soloartist.

Heile vegen har hennar stilsikre opptreden og klesdrakt blitt framheva av hovudstadspressa.

- Kva tenkjer du sjølv om å bli omtala som eit moteikon og få så mykje skryt for stil og klea?

- Det er jo stas. Eg har jo alltid vore opptatt av trender og mote.

- For meg har stilen hatt ei naturleg utvikling kor det har vore viktig å behalde det visuelle. Du veit det er ei heilhetleg pakke kor stil og profil er ein plattform eller arena for å underbyggje musikken.

Drittlei hotellrom

Med høgt aktivitetsnivå og eit liv på vegen har Maya sett innsida av eit utal av hotellrom i Noreg og utlandet.

- Eg er så lei hotell, kjem det ærleg.

- Når eg no kjem til ein ny plass klarar eg ikkje berre å legge meg inn på rommet for å slappe av. Eg må ut.

Ho fortel at ho er blitt mykje flinkare til å sjå kva staden ho vitjar har å by på. Med eit smil om munnen fortel ho om fjellturen ho tok sist ho var i Mo i Rana.

Japan i april

Også framover blir det nok mange nye plassar å bli kjend med. Eit hektisk turnéprogram i Noreg er planlagt.

- Også reiser vi til Japan i april for å lansere plata der.

- Det skal bli utruleg spennande, eg håpar dei liker musikken der òg.

Tyskland er òg eit av landa ho har lyst til å jobbe meir i. I januar var ho der på spelejobb både som soloartist og saman med venane i Monteé.

- Det var veldig fint. Mellomanna hadde eg ein jobb på ambassaden der Innovasjon Noreg hadde invitert diplomatar og andre for å fremje norske eksportvarer.

- Det var litt spesielt å spele for den dresskledde gjengen, ikkje akkurat det publikumet som pleiar å kome på konsertane, men det gjekk fint, fortel ho med eit smil.

- Jobb hardt

Karriera starta i Os Rockeklubb før turen gjekk austover til Oslo.

- Du er kjent for, og fått skryt for at du har turt å følgje dine eigne daumer og turt å satse på musikken. Musikkmiljøet i bygda blomstrer med mange unge artistar som øvar både i rockeklubben og musikkbingene på Kuventræ og Søfteland. Kva vil du seie til dei?

- Har du trua og lyst, så gjer det!

- Det er mykje hardt arbeid. Du kan ikkje berre ligge på sofaen og tru at det kjem av seg sjølv. Du er nødt til å øve og stå på.

- Men har du lyst, så er det berre å gutse på, avsluttar Maya Vik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.